Politifolk må få skikkeleg løn
Du finner leserinnlegget nedenfor:
Politidirektør Ingelin Killengreen gjekk fredag 22. august ut i Aftenposten og var særs nøgd med ei analyse som viste at politietaten brukar pengane til kampen mot kriminaliteten og ikkje til å løna sine tilsette. Trass i auke i tal tilsette, vert mindre av politibudsjettet brukt på løn i dag enn i 2001.
Som fagforeininga til 90 prosent av dei tilsette i politietaten, har me fått særs mange reaksjonar på politidirektøren sin uttale. Aftenposten tar også saka opp på leiarplass laurdag. Der skriv redaktøren: "Lav lønnsvekst er ikke noe bidrag til høyere kvalitet hvis politiet får problemer med å rekruttere og beholde nøkkelpersonell, for eksempel jurister."
Det er i dag ei bemanningskrise i politiet. Stillingar er ledige, fordi ingen søkjer. Stadig fleire erfarne politifolk tar med seg kunnskapen sin til betre betalte jobbar utanfor politiet. Me har og sett noko heilt nytt: nyutdanna politifolk går direkte over i stillingar utanfor politiet.
Faktum er at tilsette som følar seg verdsette, gjer ein betre innsats enn dei som følar det motsette. Den siste gruppa vil bruke energien sin på å finna seg ny jobb og ikkje på å gjera best mogeleg innsats i den dei allereie har.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn