Støtte fra Unio
Utrygt for oss alle
Arbeidsmiljøet for politiet er kritisk. Belastningane og risikoane er for store viser rapporten "Vilkår for oppgaveløsning i politiet". Eit fleirtal av politifolka opplever stadig vald og trugslar – også overfor familien. Underbemanning skaper utrygge forhold og slitasje.
Politiet har ei svært viktig rolle med tanke på tryggleik for samfunnet og enkeltindividet. Dette er ei viktig årsak til at politiet er i toppsjiktet på alle tillitsbarometer. Folk har positive forventningar til at politiet er der og grip inn når det trengst. Men kor stor risiko kan vi forvente at politifolk skal ta på våre vegne? Eit slikt spørsmål har neppe noko eintydig svar. Det må derimot vere klinkande klart at grensene ikkje kan tøyast heile tida. Vi kan ikkje risikere at situasjonen fører til eit utrygt politikorps. I så fall er vi også i ferd med å skape eit utrygt samfunn med utrygge borgarar.
Anders Folkestad leiar, fagforbundet Unio

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn