Politikerskapt politi-krise
Du finner leserinnlegget nedenfor:
Leiar av justiskomitéen på Stortinget, Anne Marit Bjørnflaten, har dei siste dagane hatt eit innlegg i mange aviser, der ho tilbakevisar at det er bemanningskrise i politiet. Ho meinar at tala som har kome fram i media, er feil og at Politiets Fellesforbund bryt spelereglane i arbeidslivet ved å driva lønskamp utanfor tariffoppgjeret.
Bjørnflaten veit like godt som Politiets Fellesforbund at tal og statistikk kan ein bruka slik ein vil. Me konkluderar derfor denne delen av diskusjonen med at tala som har vore framme i ulike samanheng er rette, men dei har ulikt utgangspunkt.
Det som Politiets Fellesforbund er forundra over, er at leiaren av Stortinget sin justiskomité ikkje tek inn over seg at det store tal medieoppslag den siste tida om problema i politiet, ikkje berre kan skuldast journalistar som rotar med tal. Særs mange på grunnplanet i politiet opplever den situasjonen som har vorte skildra i media, som reell. Det gjer og mange av politimeistrane. Til og med politidirektør Ingelin Killengreen har vore ute i media og uttrykt si bekymring over den låga løna i politiet. I staden for å ta inn over seg at norsk politi frå øvst til nedst, og i heile landet er samstemte om ein slik skildring, er leiaren av Stortinget sin justiskomité mest oppteken av å finna ein syndebukk. Den situasjonen som vert skildra, er skapt av politikarane og den må løysast av politikarane. Bjørnflaten bidrar ikkje til dette ved å leika struts; stikke hovudet i sanda og nekte å sjå realitetane i auga.
Norsk politi har no så få politifolk, at etaten er heilt avhengig av at særs mange til ein kvar tid jobbar overtid. Heile 10 prosent av produksjonen i etaten er basert på lite helsefremmande overtidsarbeid. Elles i arbeidslivet er overtid eit unntak i ekstra travle periodar. Etaten er og avhengig av at folk går på jobb sjølv om dei er sjuke. Og ikkje minst baserar ein seg på at arbeidstidsbestemmelsane i politiet vert brote heile tida. Arbeidstidsbestemmelsane har bakgrunn i arbeidsmiljøloven og EU sine reglar om arbeidstid. For Politiets Fellesforbund er det ganske ironisk at politiet, som skal passa på at andre i samfunnet held seg innanfor lovverket, sjølv er avhengig av å operera utanfor for å få vaktlistene til å gå opp.
Stadig fleire polititenestefolk sluttar i etaten. Og fleire kan det verta. Arbeidsforskningsinstituttet har gjort ei gransking blant operative politifolk, som visar at ein tredel av dei spurte, ville sjå seg om etter noko anna å gjera neste år. Dei er lei av dårleg løn, mykje overtid og helgejobbing. Me ser og no at studentar på Politihøgskolen går direkte over i jobb utanfor politiet etter at dei er ferdig utdanna.
Seinast laurdag 27. september viste Laurdagsrevyen i NRK eit innslag med ei ung polititenestekvinne som åleine skulle passa på 53 000 innbyggjarar i 12 kommunar. Slike innslag skapar ikkje tryggleik, men det er sanninga.
Det må ei pakke av tiltak til for å løysa denne situasjonen. Eit element i pakka er eit risikotillegg til politifolk som er operative. Det vil gjera at mange av dei som vurderar å slutta, ombestemmar seg. Antakeleg vis vil nokon av dei som allereie har slutta, også koma tilbake. Fleire folk vil gjera arbeidspresset og belastninga i etaten mindre. Tal sjukmelde vil gå ned. Og ikkje minst vil høgare løn gjera at dei tilsette følar seg meir verdset. Det i seg sjølve gjev arbeidslyst.
I tillegg må det verta satsa på ein offensiv seniorpolitikk, så fleire vel å halda fram i jobb i staden for å gå av med pensjon straks dei har mogelegheit. Det må satsast på å få inn fleire sivile til å ta oppgåver ein ikkje treng politiutdanning for å handtera. Og politidistrikta må ikkje minst få eit økonomisk handlingsrom, som gjer det mogeleg å ta lokale grep for ein best mogeleg teneste for innbyggjarane.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)







Kommentarer til artikkelen:
Det er 13 kommentarer registrert.