For lite politi
Søndag skrev Aftenposten på lederplass om at politimangelen kommer av at politidistriktene ikke har penger til å ansette de politifolkene som er. Politiets Fellesforbund får dessuten kritikk for å overdrive budsjettsituasjonen i politiet. Forbundsleder Arne Johannessen gir sitt tilsvar i dagens utgave av Aftenposten.
Du finner leserinnlegget nedenfor:
Aftenposten tar søndag 12. oktober opp mangelen på politifolk på leiarplass. Avisa påpeikar at mangelen ikkje kjem av at det er for få politifolk, men at politidistrikta ikkje har pengar til å tilsette dei som er. Politiets Fellesforbund vert og skulda for å overdriva kritikken av budsjettet.
Politiets Fellesforbund held fast ved at politibudsjettet er særs dårleg for 2009. Aftenposten skriv at budsjettet i justissektoren aukar med 9,4 prosent. Men det er kriminalomsorga som vert vinnar med 20,4 prosent av desse pengane. Politiets Fellesforbund har analysert budsjettet og funne ut at politietaten vil få 140 millionar kroner mindre å rutte med til drift i 2009 enn det etaten hadde i 2008.
Når det gjeld bemanning, meinar me og Aftenposten er på ville vegar. Det er heilt rett at det er politifolk i Noreg som ikkje jobbar i politiet fordi det ikkje er pengar til å tilsette dei i ledige stillingar. Men dette er eit samansett problem. Forsking synar at dårlege lønns- og arbeidsvilkår er den største utstøytingsfaktoren. Ein ser også at 39 av alle nyutdanna frå Politihøgskolen ikkje byrjar i politiet. Difor er det avgjerdande med betre løns- og arbeidsvilkår. Skal ein få det til må politiet ha handlingsrom i budsjettet. Det legg ikkje Regjeringa opp til i 2009.
Men det er samstundes slik at om alle dei ledige stillingane i politiet vart fylt, ville det likevel ikkje vera ei tilstrekkelig bemanning i etaten. Politidirektoratet har i sin rapport "Politi mot 2020" analysert bemanningsbehovet. Konklusjonen er at etaten treng 2700 fleire politistillingar og 1000 fleire sivile stillingar innan 2020.
Aftenposten skriv også at budsjettet gir politiet 250 nye årsverk. Analysen vår synar at den summen som er satt av til å tilsette nyutdanna politifolk, held til 67 stillingar, spreidd over heile landet.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

Både politidirektør Ingelin Killengreen og leder av justiskomiteen, Anne Marit Bjørnflaten, har også gitt sitt tilsvar på Aftenpostens leder. Innleggene finner du under "Les mer" på høyre side.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)

Tips en venn