Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2008 // Oktober

Politi og penger

Bergens Tidende skrev på lederplass tidligere denne uken at Politiets Fellesforbund svartmaler situasjonen i politiet. I dag gir forbundsleder Arne Johannessen sitt tilsvar.
Du finner leserinnlegget nedenfor.


Bergens Tidende skriv i sin leiar måndag 20. oktober at i politiet er det elendigheita som rår. Politifolk er underbetalt, og politietaten er underbemanna. Avisa legg mykje av skulda for at dette er det inntrykket mange sit med på Politiets Fellesforbund, som "ikkje er blitt møtt med plagsomt mange kritiske spørsmål" om sin måte å framstille politikvardagen på.

I byrjinga av september la me i lag med Christin Thea Watne frå Arbeidsforskingsinstituttet og Liv Finstad frå Universitetet i Oslo fram ein grundig forsking i høve til kvardagen for politioperativt personell. Forskinga avdekkar enorm frustrasjon, som har utvikla seg over tid. Granskinga beskriv ein situasjon der arbeidskvardagen vert stadig tøffare på grunn av færre folk, meir kriminalitet, tøffare kriminalitet og meir vald og truslar.

Me har og ein situasjon der aldri så mange har slutta i politiet, aldri før har så mange nyutdanna frå Politihøgskulen valt andre yrker direkte utan å byrja i politiet, aldri tidlegare har så mange sagt at dei vil ut av politioperativt arbeid og aller helst slutta i etaten (1 av 3 svarar dette i forskingsrapporten). Granskinga syner at dei kraftigaste utstøytingsfaktorane er låg løn, dårlege arbeidsvilkår, vald- og trugsmål, låg bemanning og dårleg leiarskap.

Det er berre desse signala me som fagforeining har formidla vidare.

Samstundes er sentrale aktørar einige om at det er for lite folk i norsk politi. Politidirektoratet har gjort ei analyse, og på bakgrunn av den har direktoratet bedt om ei auke på 2700 politistillingar og 1000 sivile stillingar. Målet er å få 2,0 politistillingar per 1000 innbyggjarar i 2020.

Bergens Tidende er bekymra over rekrutteringa til politiet. Den bekymringa delar me. Det er nettopp difor me er opptekne av at løns- og arbeidsvilkåra i politiet skal vera til å leva av og med. Då sikrar me at Politihøgskulen får mange og gode søkjarar og me hindrar at flinke politifolk sluttar i etaten.

Den situasjonen som er no, er det politikarane som har skapt. Det er også deira ansvar å løysa den. Politiets Fellesforbund skal bidra med gode forslag i diskusjonane fram til løysinga er klar.


Arne Johannessen
Forbundsleiar


Lederen til Bergens Tidende finner du under "Les mer" på høyre side.

 


emneord (tags):


bemanning, leserinnlegg, lønn, risiko
Del på:

Tips en venn