Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2008 // Oktober

Tid for dialog og handling

I et leserinnlegg i VG 12. oktober går Thomas Breen hardt ut mot Politiets Fellesforbund. Han innrømmer at politiet har store bemanningsutfordringer, men synes at forbundet svartmaler situasjonen. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et tilsvar som stod på trykk i VG i går.
i
Leserinnlegget finner du nedenfor.

Sundag 12. oktober går stortingsrepresentant Thomas Breen i strupen på Politiets Fellesforbund i eit lesarinnlegg. Breen har vore ein av dei mest engasjerte i Justiskomitéen denne perioden. Han er ein politikar som set seg godt inn i saker og er oppteken av dialog og samarbeidsrelasjonar.


Eg kan stadfesta som han skriv at Politiets Fellesforbund har fått gjennomslag for mange av våre prioriterte saker i denne stortingsperioden. Det har me fått til i tett dialog, og Politiets Fellesforbund har gjeve mykje ros til regjeringa for desse resultata.

Breen innrømmer at politiet står framfor store bemanningsutfordringar. Det er eit godt utgangspunkt for ein drøfting av desse utfordringane.

Politiets Fellesforbund har i lang tid jobba med dette på mange frontar. Siste året har me særleg sett fokus på kvardagen for dei som skal utføra dei tøffaste oppdraga i førstelinje i eit underbemanna politi og i ein stadig tøffare kvardag. 1. september la me i lag med Christin Thea Watne frå Arbeidsforskingsinstituttet og Liv Finstad frå Universitetet i Oslo fram ein grundig forsking i høve til kvardagen for politioperativt personell. Forskinga avdekkar enorm frustrasjon, som har utvikla seg over tid. Dette er også Breen informert om.

Skal Regjeringa og Stortinget med Breen i spissen nå sine mål om meir politikraft, må ein ta situasjonen til dei tilsette på alvor.

Aldri før ha så mange slutta i politiet, aldri før har så mange nyutdanna frå Politihøgskulen valt andre yrker direkte utan å byrja i politiet, aldri tidlegare har så mange sagt at dei vil ut av politioperativt arbeid og aller helst slutta i etaten (1 av 3 svarar dette i forskingsrapporten). Dei kraftigaste utstøytingsfaktorane er låg løn, dårlege arbeidsvilkår, vald- og trugsmål, låg bemanning og dårleg leiarskap. Dette må Breen og hans kollegar ta på alvor.

Det løyser ingen ting å forsøka å skjella ut og mistenkeleggjera Politiets Fellesforbund. Me er ein fagforeining som alltid har teke stort ansvar, som også Breen skriv, men no er arbeidet for betre løns- og arbeidsvilkår det viktigaste. Det er dette  som er nøkkelen til å få nok politifolk i framtida.

Bemanningskrisa er politikarskapt, og det er eit politisk ansvar å finna løysingar både på kort og lang sikt. Politiets Fellesforbund er klar for gode og konstruktive samtalar for å finna løysingar, men for å ha konstruktive samtalar må også politikarane syna vilje til det. Thomas Breen og hans kollegar har tidlegare synt evne og vilje til samhandling. Ta fram att dei eigenskapane og legg bort strategien med å legga ansvaret på Politiets Fellesforbund for noko som er politikarane sitt ansvar.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE