Politikarskapt krise må løysast av politikarane
Redaktøren i Romerikes Blad brukar heile sin leiar fredag 31. oktober på å fortelja Politiets Fellesforbund at fagorganisasjonen no må avblåsa aksjonane sine, slik at polititenesta på nytt kan koma opp og gå. Redaktøren meinar at "Politiet kan ikke bare skyve alt ansvar over på justisminister Knut Storberget".
Politiets Fellesforbund meinar avisredaktøren skyt på feil mål i denne saka. Medlemmane våre har i lang nok tid tatt ansvaret for dårleg politisk handverk. No må justisministeren og Stortinget ta ansvar.
Norsk politi har no så få politifolk, at etaten er heilt avhengig av at særs mange til ein kvar tid jobbar overtid. Elles i arbeidslivet er overtid eit unntak i ekstra travle periodar. Etaten er og avhengig av at folk går på jobb sjølv om dei er sjuke. Og ikkje minst baserar ein seg på at arbeidstidsbestemmelsane i politiet vert brote heile tida. Arbeidstidsbestemmelsane har bakgrunn i arbeidsmiljølova og EU sine reglar om arbeidstid. For Politiets Fellesforbund er det ganske ironisk at politiet, som skal passa på at andre i samfunnet held seg innanfor lovverket, sjølv er avhengig av å operera utanfor for å få vaktlistene til å gå opp.
Stadig fleire polititenestefolk sluttar i etaten. Og fleire kan det verta. Arbeidsforskingsinstituttet har gjort ei gransking blant operative politifolk, som visar at ein tredel av dei spurte, ville sjå seg om etter noko anna å gjera neste år. Dei er lei av dårleg løn, mykje overtid og helgejobbing. Me ser og no at studentar på Politihøgskolen går direkte over i jobb utanfor politiet etter at dei er ferdig utdanna.
Den krisa me no ser, er skapt av politikarane og må løysast av politikarane. Difor etterlysar me justisminister Knut Storberget: Du må ta det ansvaret du som justispolitikar har for å løysa den situasjonen politikarane sjølve har skapt. Den vil nemleg ikkje gå over av seg sjølv. Politiets Fellesforbund kan lova at me er klare for gode og konstruktive samtalar for å finna desse løysingane. Gevinsten du får er at du kan gje veljarane eit tryggare samfunn før valet neste haust.
Arne Johannessen
Forbundsleiar
Lederen i Romerikes Blad finner du under "Les mer" på høyre side. Avisen har også en leder i dagens utgave som følger opp saken.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn