Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Lønns- og arbeidsvilkår // Lønn og tariff // Lønn og tariff 2008

Misoppfatning om lønskamp

På lederplass i fredagens utgave av Dagens Næringsliv får Politiets Fellesforbund kritikk for å drive lønnskamp utenfor tariffperioden. Redaktøren beskylder dessuten forbundet for å benytte sykmeldinger som virkemiddel i kampen for bedre lønns– og arbeidsbetingelser. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et tilsvar som står på trykk i dag.
Du finner tilsvaret nedenfor.

Redaktøren i Dagens Næringsliv går på leiarplass hardt ut mot Politiets Fellesforbund fredag 21. november. Avisa skriv at det er useriøst å setta i gong lønskamp utanfor tariffperioden og skuldar og Politiets Fellesforbund for å bruka sjukmeldingar som verkemeddel i lønskamp.


Når det gjeld lønsforhandlingar i og utanom tariffperiodane, er det ei misoppfatning at det ikkje er mogeleg å forhandla løn utanom tariffoppgjera. Avtaleverket inneheld ein rekke forhandlingsbestemmelsar som kan nyttast i perioden mellom dei årlege forhandlingane. Dei har mange gonger vore nytta for små og store grupper for å løysa spesielle utfordringar.

Politiet jobbar særs mykje overtid. Etaten har brote arbeidsmiljølova ca 20 000 gonger på 10 månader for å dekka samfunnet sitt behov for polititeneste. Når me legg til andre faktorar ved politiyrket som til dømes risiko, vald- og trugsmål, låg verdsetting og låg løn, undrar Politiets Fellesforbund seg ikkje over at folk kan verta både slitne og sjuke av presset. Det me undrar oss over at andre ikkje ser denne samanhengen.

Når det gjeld det Dagens Næringsliv beskriv som "utnytting" av sjukelønsordninga, vil eg på det sterkaste ta avstand frå det. Eg har fleire gonger sagt at dersom nokon av medlemmane i Politiets Fellesforbund melder seg sjuke utan å vera det, noko eg ikkje trur dei gjer, må dei slutta med det.

Politiet er ein etat med særs lågt sjukefråvær. Det er også eit faktum at sjukefråværet i politiet ikkje har gått opp den siste tida, jfr også oppslag i Dagsavisa 22.11.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

LOGG INN PÅ MIN SIDE