Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Lønns- og arbeidsvilkår // Lønn og tariff // Lønn og tariff 2008

Politiets tapte ære

Svein Tuastad, statsviter ved Universitetet i Stavanger, går nok en gang hardt ut mot Politiets Fellesforbund i dagens utgave av Dagbladet. Han kaller politiets lønnskamp for skamløs utpressing, og mener nedgangstid og opptrappingsplan vil føre til at bemanningskrisen i politiet snart er over.
Du finner leserinnlegget nedenfor. Politiets Fellesforbund vil skrive et tilsvar innen kort tid.


Politiets tapte ære

«POLITIVIRUSET»: Leiaren i Politiets fellesforbund, Arne Johannessen, tener sjølv over millionen. Han er hovudmannen bak tidenes omdømmetap i norsk arbeidsliv. Det er jo ikkje slik at det berre er bedrifter og politikarar som treng eit godt rykte. Det gjer yrkesgruppene også. Dersom alle hadde hetsa skulen og barnevernet, vart det fort endå meir slitsamt å jobbe der. Politiet er ei yrkesgruppe som har hatt svært høg tillit. Men etter deira eigne aksjonar den siste tida, er det gode ryktet i ferd med å bli borte. Det er ikkje gjort i ei handvending å rette det opp att.

Politiet klarer å halde seg på rett side av lova, skriv Johannessen i Dagbladet 26/11 i eit svarinnlegg til meg. Som om det var godt nok. Samstundes seier leiaren av Politiets fellesforbund i Rogaland, Arild Sandstøl, at alt skal bli bra, berre vi får 80.000 meir i løn. Arne Johannessen erklærer at han ikkje respekterer fredsplikta med omsyn til lønskamp. Dette liknar ei form for utpressing svært mange oppfattar som skamlaus. Omdømmetapet er eit faktum. Heiderlege politifolk lyt difor finne seg i fleire nedlatande blikk på gata enn før. Det gjer ikkje jobben lettare for politiet jamvel om dei har seg sjølve å takke.

Arne Johannessen skriv at det er utruleg at dei som kritiserer politiet, ikkje ser lenger fram og heller stør politiet. Det er forunderleg. Har han ikkje oppdaga finanskrisa? Veit han ikkje at arbeidsløysa vil stige? Då vil trygge stillingar i det offentlege verte etterspurde, også politiets – om dei berre sjølve kunne slutte med å skremme folk bort frå etaten. Nedgangstidene og opptrappingsplanen vil snart gjere at bemanningskrisa er over. Difor dreier det seg om å vere lojal og ta eit tak for samfunnet i ein overgangsperiode som vil vere vanskeleg for alle.

Politiet har skjemt seg ut i sin forvirra lønskamp. Alle skjønar at ei gruppe som alt tener relativt godt, ikkje vil få 80.000 i lønsauke utanom tur. No står landet føre ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er ikkje tida for å rive ned. No, Arne Johannessen, er det tid for å vere med og byggje opp.

Svein Tuastad 
Statsvitar


emneord (tags):


bemanning, leserinnlegg, lønn
Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

LOGG INN PÅ MIN SIDE