Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2008 // Desember

Æra i behold

Svein Tuastad, statsviter ved Universitetet i Stavanger, mener det er lederen av Politiets Fellesforbund sin skyld at politiets omdømme nå blir dårligere. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et tilsvar som stod på trykk i lørdagens utgave av Dagbladet.
Du finner hele leserinnlegget nedenfor.

«POLITIVIRUSET»: Statsvitar Svein Tuastad gjekk i Dagbladet 2. desember til personangrep på meg som leiar av Politiets Fellesforbund. Eg vert blant anna gitt ansvaret for at omdøme til politiet no vert dårlegare. Eg har ansvar for mykje, men dette ansvaret tek eg ikkje.


Politiets Fellesforbund sine medlemmar har gjennom mange år teke ansvar for at norsk politi har eit særs godt omdømme. Det har dei gjort ved å vera tilgjengeleg for arbeidsgjevar langt ut over vanleg arbeidstid og sånn sett brote reglane som gjeld for arbeidstid i stort omfang. For Politiets Fellesforbund er det ganske ironisk at politiet, som skal passa på at andre i samfunnet held seg innanfor lovverket, sjølv er avhengig av å operera utanfor for å få vaktlistene til å gå opp.

Ein etat kan ikkje oppretthalde eit godt omdømme over tid ved at dei tilsette ofrar all tid i livet sitt til jobb. Eit slikt «prosjekt» er dømt til å mislukkast.

Politiets Fellesforbund undrar seg også over at det tydeligvis er den einskilde polititenestemann eller -kvinne som åleine har ansvar for å oppretthalda tillit og omdøme. At politikarane sjølv skal ta noko av ansvaret fordi dei har gjeve rammevilkår som er så dårlege at den samla politikrafta vert mindre, vert ikkje nemnt.

Samstundes synar granskingar meiningsmålingsbyrået Synovate har gjort på oppdrag frå Politiets Fellesforbund, at folk ikkje har mista tilliten til politiet og at dei støttar kravet om meir løn til dei som må ta støyten ute i gatene. 9 av 10 i granskinga meinar at politiet ikkje har den naudsynte bemanninga for å takla kriminaliteten. Det er og 9 av 10 som meinar politiet fortenar eit risikotillegg.

Også når det gjeld løn, rotar Tuastad det til. Eg tenar 88 prosent av det ein statsråd tenar. Då kan Tuastad sjølv rekna ut, men resultatet bør bli lågare enn den millionen han opererar med i innlegget.

Når det gjeld politifolk sin løn, beskriv Tuastad politiet «som ei gruppe som tenar relativt godt». At 320.000 i gjennomsnittsløn er å tena relativt godt, er me ueinig i. Særleg når ein skal vera siste skanse i dei situasjonane alle andre kan røma frå.

Arne Johannessen
Forbundsleiar 

 


emneord (tags):


bemanning, leserinnlegg, lønn, tillit
Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.