Tek justisministeren situasjonen alvorlig?
I et leserinnlegg i Aftenposten fredag 28. november skriver justisminister Storberget at han tar politikrisen på alvor. Leder av Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, har skrevet et tilsvar som står på trykk i dagens utgave av Aftenposten.
Justisminister Knut Storberget forsikrar i Aftenposten fredag 28. november at han tek politikrisa på alvor. Politiets Fellesforbund er framleis usikker på det.
Når det gjeld politiet og risikotillegg, har politiet aldri har hatt det, men eit såkalla polititillegg. Det var fleire yrkesgrupper som hadde tilsvarande tillegg, til dømes dei som jobba i militæret og tilsette i fengsla. Tillegga skulle kompensera mot generelle belastningar i desse yrka og vart gitt alle.
Det Politiets Fellesforbund har kravd no, er eit risikotillegg for dei i politiet som har politioperativ godkjenning. Det særeigne med politirolla er at politiet skal takla dei situasjonane folk flest kan røma vekk frå. No vil me ha eit tillegg som gjev dei i politiet som handterar desse situasjonane betre løn for den risikoen som ligg i dette arbeidet.
Når det gjeld overtid, bereknar justisministeren gjennomsnitt og får såleis at kvar politimann jobbar lite overtid. Men bak eit gjennomsnitt ligg det nokon som jobbar særs mykje og andre som jobbar mindre. Kva for signal sendar ministaren til den store gruppa som jobbar mykje overtid ved ei slik berekning?
Me er no godt i gong med ein dialog for å løysa situasjonen. Me tek denne dialogen alvorleg og det forventar med at Storberget gjer også.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn