Skudd i foten
Redaktøren i Dagens Næringsliv seiar på leiarplass onsdag 10. desember at Politiets Fellesforbund har tatt vanlege folk som gislar i kampen for høgare løn.
Me meinar det er meiningslaust å snakka om gisseltaking. Det me no ser, er konsekvensane av at det har vorte meir og tøffare kriminalitet, at politiet stadig har fått fleire oppgåver og at politikarane har nedprioritert politiet over lang tid .
Mangelen på folk førar til stor arbeidsbelastning på dei som er att. Etaten har blitt avhengig av overtidsjobbing og brot på arbeidsmiljølova for å få polititenesta til å gå rundt. Berre i år har politiet brote arbeidsmiljølova ca 20 000 gonger på 10 månader for å dekka samfunnet sitt behov for polititeneste.
No er me der at politifolk har fått nok. Dei har valt eit liv med meir balanse mellom arbeid og fritid.
No har me sjølve teke samfunnsansvar og foreslått ei totalpakke med tiltak som kan vera med å løysa problema. Me har ikkje forslått meir overtid, som Dagens Næringsliv harselerar med, men meir bunden arbeidstid. Det vil gje 500 ekstra årsverk, som sjølv Dagens Næringsliv burde sjå verdien av. I alle fall er det mange verksemder i næringslivet som har etterlyst meir politikraft.
Me ser fram til dialog med justisministaren om saka. For me kan forsikra at både forbundet og medlemmane våre ynskjer ein meir normal arbeidskvardag i politiet. Me har tru på at me og ansvarlege politikarar saman skal finna ei løysing til beste for våre medlemmar, politikarane sjølve og ikkje minst publikum.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn