Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Kriminalpolitikk og ressurs // Overordnet politikk // 2008

Skudd i foten

Dagens Næringsliv skrev onsdag på lederplass at Politiets Fellesforbund har tatt vanlige folk som gisler i sin lønnskamp. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et tilsvar som står på trykk i dag.
Du finner tilsvaret nedenfor.


Redaktøren i Dagens Næringsliv seiar på leiarplass onsdag 10. desember at Politiets Fellesforbund har tatt vanlege folk som gislar i kampen for høgare løn.

Me meinar det er meiningslaust å snakka om gisseltaking. Det me no ser, er konsekvensane av at det har vorte meir og tøffare kriminalitet, at politiet stadig har fått fleire oppgåver og at politikarane har nedprioritert politiet over lang tid .

Mangelen på folk førar til stor arbeidsbelastning på dei som er att. Etaten har blitt avhengig av overtidsjobbing og brot på arbeidsmiljølova for å få polititenesta til å gå rundt. Berre i år har politiet brote arbeidsmiljølova ca 20 000 gonger på 10 månader for å dekka samfunnet sitt behov for polititeneste.

No er me der at politifolk har fått nok. Dei har valt eit liv med meir balanse mellom arbeid og fritid.

No har me sjølve teke samfunnsansvar og foreslått ei totalpakke med tiltak som kan vera med å løysa problema. Me har ikkje forslått meir overtid, som Dagens Næringsliv harselerar med, men meir bunden arbeidstid. Det vil gje 500 ekstra årsverk, som sjølv Dagens Næringsliv burde sjå verdien av. I alle fall er det mange verksemder i næringslivet som har etterlyst meir politikraft.

Me ser fram til dialog med justisministaren om saka. For me kan forsikra at både forbundet og medlemmane våre ynskjer ein meir normal arbeidskvardag i politiet. Me har tru på at me og ansvarlege politikarar saman skal finna ei løysing til beste for våre medlemmar, politikarane sjølve og ikkje minst publikum.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.