Politiet og tillit
Aftenposten har på leiarplass i jule- og nyttårshelga tatt føre seg den vanskelege situasjonen i politiet. 30. desember har avisa også ein redaksjonell sak der den presenterar tal som synar lite overtid og lågt sjukefråvær i politiet. Dermed kan det virke som om Politiets Fellesforbund lyg når me hevdar at overtidsbelastninga i politiet er stor.
Som eg som forbundsleiar sa i radiodebatt tysdag kveld, reagerar me på dei tala som vert brukt i Aftenposten-saka. Når tala for overtid vert delt på alle som jobbar i politiet, seiar det seg sjølv at den einskilde ikkje får så stor belastning. Men også i politiet er det slik at nokon jobbar lite eller inga overtid, mens andre jobbar mykje. Dersom ein delar tala for overtid på den gruppa som tar den største belastninga, vil bodskapen verta annleis.
Det er eit faktum at berre i fjor braut politiet arbeidsmiljølova ca 20 000 gonger på 10 månader for å dekka samfunnet sitt behov for polititeneste. Arbeidstidsbestemmelsane har bakgrunn i arbeidsmiljølova og EU sine reglar om arbeidstid. For Politiets Fellesforbund er det ganske ironisk at politiet, som skal passa på at andre i samfunnet held seg innanfor lovverket, sjølv er avhengig av å operera utanfor for å få vaktlistene til å gå opp.
Aftenposten tar opp tilliten til politiet på leiarplass. Avisa er bekymra over at einskilde publikumsgranskingar kan tolkast dit hen at politiet mistar litt av den tilliten yrkesgruppa har hatt i mange år. Politiets Fellesforbund undrar seg over at det tydeligvis er den einskilde polititenestemann eller -kvinne som åleine har ansvar for å oppretthalda tillit og omdøme. At politikarane skal ta noko av ansvaret fordi dei har gjeve rammevilkår som er så dårlege at den samla politikrafta vert mindre, vert ikkje nemnt.
Påstandane om at Politiets Fellesforbund utnyttar sjukelønsordninga i lønskamp, vil eg på det sterkaste ta avstand frå. Som Aftenposten peikar på: sjukefråværet i politiet er lågt og det går til og med ned.
Det er rett at Politiets Fellesforbund har satt i gang ein kampanje for å få fokus på løns- og arbeidsvilkår i politiet. Men me brukar berre verkemidlar som er lovlege. Difor er Aftenposten på ville vegar når dei stadig gjentek at politiet driv "overtidsnekt". Politiet nektar ikkje overtid. Det mange av medlemmane våre gjer er å ta meir vare på fritida si og familielivet. Det inneber at dei ikkje frivillig tek på seg så mykje overtid som tidlegare. Men vert dei beordra til å ta overtid, gjer dei sjølvsagt det. For me følgjer spelereglane.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn