Vi har streikerett!
Aftenposten tek på leiarplass fredag 30. januar eit kraftfullt oppgjer med politiet sin politiske streik torsdag. Politiets Fellesforbund opplever at redaktøren ikkje har sett seg godt nok inn i den saka han skriv om, og difor vert det fleire faktafeil i leiaren.
Har streikerett
Redaktøren skriv at «politiet ikke har hatt streikerett på linje med andre norske arbeidstagere de siste 50 årene». Faktum er at politiet har streikerett. Rett nok mista politiet streikeretten i 1959, men fekk han att i 1994.
Arbeidarpartiet sin argumentasjon for å gi oss tilbake streikeretten i 1994 var at me var som alle andre arbeidstakarar, og skulle ha same reglar som dei.
Einige gjennom forhandlingar
Redaktøren peikar også på at Forsvaret og brannvesenet har forskrifter som gir unntak frå arbeidsmiljølova sine reglar om kviletid. Det er rett. Men for desse gruppene er forskrift brukt fordi begge partar gjennom forhandlingar har vorte einige om at det skal brukast.
Ingen av dei nemnde forskriftene gjer unntak frå dagleg kvile som er regulert i arbeidsmiljølova. Dei er heller ikkje fastsett i direkte strid med tariffavtalen. Det vil verta tilfelle dersom forskrift vert brukt i politiet, slik det no er lagt opp til.
Særavtale
Redaktøren skriv vidare at det kanskje var uklokt av Regjeringa å «forlenge den omstridte forskriften uten å gjøre den til en del av vårens forhandlinger». Dette vert heilt feil. For det fyrste har denne saka ingenting med tarifforhandlingane til våren å gjera. Det me her snakkar om, er reforhandlingar av ein særavtale om arbeidstid i politiet.
Ingen forskrift i dag
Avtalen går ut 1. juli i år, og skal derfor takast opp til forhandling før det. For det andre er det heilt galt å snakka om å forlenga verknadstida for forskrifta. Det er ingen forskrift i dag. Det Regjeringa har foreslått, er å fastsetta ei heilt ny forskrift. Poenget er at det dei nå vil løysa ved å fastsetta det i den omtala forskrifta, har vore løyst tidlegare ved forhandlingar.
Viktig og prinsipiell sak
Det er skuffande at ein redaktør ikkje set seg betre inn i ei så viktig og prinsipiell sak før ein meinar noko så sterkt. Regjeringa dikterar at kvilereglane i arbeidsmiljølova ikkje skal gjelda for politiet. Dette er utrykk for ein ny arbeidsgjevarpolitikk frå staten.
Det er svært gledeleg at både LO-stat, Unio, YS-stat og Akademikarane, dei Nordiske Politiforbunda og mange fagforeiningar støttar oss i denne viktige prinsippsaka. Det syner alvoret. Mange lurer nok på kven som vert den neste yrkesgruppa som får diktat i staden for forhandlingar.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn