Løysing på politikrisa
VG har den siste tida, både på redaksjonell plass, på leiarplass og på kommentatorplass vore særs kritiske til Politiets Fellesforbund sin kampanje for høgare løn til politioperativt personell. Avisa har med få og anonyme kjelder og med liten eller ingen kunnskap om politiet, kome med dei mest utrolege påstandar om Politiets Fellesforbund og krisa i politiet.
Politiets Fellesforbund har inga problem med at VG ikkje er einig med oss i denne saka. Men det som gjer oss særs provosert, er korleis VG kan køyra på så hardt over så lang tid, men ikkje ein einaste gong ta opp den grunnleggjande årsaka til problemet: det er altfor få politifolk i Noreg.
Den verkelegheita me får formidla frå tillitsmannsapparatet vårt og deira kontakt med til saman 12 000 medlemmar, gir eit heilt anna inntrykk av kvardagen i norsk politi enn den VG skildrar.
Me og alle som har god innsikt i politiet, har sett at problema har tårna seg opp over år. Kriminaliteten aukar både i tal lovbrot og i kor komplisert og samansett den er. Tal politifolk går andre vegen. Berre i tida sidan Politidirektoratet vart oppretta i 2001, har tal politifolk til å løysa oppgåvene vore 122 færre. Ei slik utvikling har ført til tøffe prioriteringar og mange politifolk har jobba mykje overtid.
Når politifolk har vore villige til å jobba så mykje er det fordi dei tradisjonelt har vore særs lojale mot arbeidsgjevaren og publikum. Familie og fritid har kome i andre rekke. Samstundes er det eit faktum at mange har spedd på ei låg grunnløn med overtid for å få ein enklare økonomisk kvardag.
No er me der at til og med politifolk meiner at nok er nok. Dei ser at innsatsen, lojaliteten, yrkesrolla, risikoen, tilliten frå samfunnet, belastninga, vald- og trugsmåla, overtidsbelastninga, med meir ikkje vert verdsett frå det politiske fleirtalet. Resultatet vert at mange har fått litt andre prioriteringar i livet enn berre jobb.
Effekten av at politiet ikkje lenger er villige til å jobba frivillig overtid, har resultert i fullstendig krise i politiet. Det overraskar ikkje oss, men det har tydelegvis vore ei særs sjokkerande oppleving for mange politikarar og andre utanfor politiet.
Politiet har i dag ei særavtale om arbeidstid. I den ligg det fleire mogelegheiter til å gjera unntak frå arbeidsmiljølova sine generelle reglar om kviletid mellom arbeidsøkter. Ei evaluering av denne avtalen, synar blant anna at politiet nytta desse unntaka ca 20 000 gonger i løpet av eit halvt år i fjor.
Oslo Politiforeining melde i fjor haust Oslo Politidistrikt til Arbeidstilsynet for alt for mykje bruk av overtid. Politidistriktet unngikk dagsbøter den gongen. No har Arbeidstilsynet på ny varsla tvangsmulkt, om ikkje distriktet syter for at Den kongelige politieskorten held seg innanfor reglane i Arbeidsmiljølova.
Gaza-demonstrasjonane i Oslo i januar illustrerar godt korleis politifolk må jobba når det er for få av dei og samfunnet treng politikraft. Vårt eige medlemsblad, Politiforum, har i sitt siste nummer ein artikkel om eit par politifolk som kvar jobba 73 timar på ei veke i samband med desse demonstrasjonane. "Jeg var ekstremt sliten. I tillegg var det dårlig forpleining, lite mat og drikke og få pauser. Når det også hagler med molotovcoctails, er det ubehagelig å være beordret", seier ein av politibetjentane til Dagsavisa 11. februar. I følgje Politiforum meiner arbeidsgjevar dei må "tåle såpass".
VG og andre bør merke seg følgjande: Berre 16 av dei 73 timane var beordra tid, resten var frivillig. Det er altså ikkje snakk om at politiet nektar å jobba overtid. Dei jobbar berre ikkje så mykje frivillig overtid som før. VG bør også merke seg at politiet heller ikkje er mykje sjukmelde. Politiet er faktisk den statlege arbeidsgruppa som har minst sjukefråvær.
Desse skildringane tydeleggjer det VG elegant har nekta ta inn over seg, at problemet er at samfunnet har alt for lite politikraft. Sjølv normal drift er basert på overtid og brot på arbeidsmiljølova.
Politiets Fellesforbund har lenge arbeida for ei løysing på krisa i politiet. Samstundes er me opptekne av å følgja spelereglane. Me har dermed teke følgjande grep: me har kopla nokre konkrete løysingsforslag til særavtalen om arbeidstid i politiet, som uansett skal reforhandlast innan 1. juli i år. Som nemnt ligg det gode mogelegheiter til å gjera unntak frå dei generelle krava til kviletid i gjeldande avtale. Me ser for oss at me går med på å vidareføra desse unntaka, mot ein økonomisk kompensasjon. Samstundes foreslår me at politifolk kan jobba 2,5 timar ekstra i veka fram til og med 2012, noko som vil gje 500 fleire årsverk. På denne måten tek me ansvar for å bidra til ei løysing av situasjonen samstundes som me held oss til dei spelereglane som gjeld.
Difor vert me også rasande då me vert overkøyrd av Regjeringa, som med arbeids- og inkluderingsministar Dag Terje Andersen i spissen, varslar at dei vil bruka forskrift for å vidareføra bruk av unntaka frå kviletidsbestemmelsane i arbeidsmiljølova. Dette er milevis frå den forhandlingsmodellen me har i Noreg. Her er rolla som arbeidsgjevar og forhandlingspart raskt konvertert til styresmakt og lovgjevar. Dialog er ubehageleg, diktat er meir effektivt, meiner tydelegvis regjeringa. Overgrepet er så alvorleg at alle hovudsamanslutningane i staten støttar vår reaksjon mot regjeringa.
I staden for å gå i aktiv og konstruktiv dialog for å finna løysing på politikrisa, går regjeringa til kamp mot sine eigne tilsette. Denne strategien frå regjeringa syner at dei ikkje har forstått alvoret i situasjonen og at ein ikkje tek situasjonen i politiet på alvor. No er det tydelegvis viktigare å kjempa mot Politiets Fellesforbund og dei tilsette, enn å skapa ro i etaten og få eit godt polititilbod til publikum på plass.
Me forventar at regjeringa tar inn over seg alvoret i situasjonen, og tek det ansvaret ei regjering har. Nemleg å syta for at samfunnet sitt maktapparat fungerar. Politiets Fellesforbund er som alltid klar for å forhandla om løysingar, men diktat finn me oss ikkje i.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn