Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Pensjon // Pensjonssystemet // 2009

Pensjonsforhandlingane: Ny frist for mekling

Onsdag 3. juni klokka 24.00 er ny frist for mekling i offentleg sektor. Dermed blir ein eventuell streik i offentleg sektor tidligast sett i verk frå torsdag morgon 4. juni.

Arbeidsgruppa som er sett ned for å finne ei løysing i pensjonsmeklinga, vart i dag einige om at prosessen rundt mekling skal halde fram.

Forhandlingsleiarane i arbeidstakarorganisasjonane Unio, LO, YS og Akademikerne deltek i arbeidsgruppa, som vert leia av arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen. Arbeidsgruppa har hatt fleire møte i dag, mellom anna for å drøfte vidare framdrift og om meklinga kan halde fram,

– Eg reknar med at regjeringa no vil vise større vilje til å imøtekomme pensjonskrava frå organisasjonane, og dermed styrkje grunnlaget for å finne ei løysing, seier leiar i Unio, Anders Folkestad.

Meklingsfristen gjekk opphavleg ut natt til onsdag 27. mai. Unio, LO, YS og Akademikerne har levert felles krav om offentleg tenestepensjon.

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE