Politiet må levere varene
Dagbladet ville dessverre ikke trykke tilsvaret som du finner nedenfor. Under "Les mer" på høyre side finner du lederen.
Denne overskrifta har Dagbladet på leiarplass 15.7, og det er sjølvsagt lett å verta samde om. Bakgrunnen for artikkelen er riksadvokaten sin rapport om nedgang i oppklaringsprosent og sakshandsamingstid.
Som vanleg det siste året er det "politikonflikten" og fagforeininga som får skulda for alt som går galt. Det er utruleg at ingen media klarar å gå bak situasjonen og sjå kva som eigentleg er galt i norsk politi. Endå alvorlegare vert det når heller ikkje riksadvokaten som faktisk er ansvarleg for straffesakshandsaming i politiet tek med fakta ang bemanning. Ein kan starta med å samanlikna dei nordiske landa. Noreg har betydeleg dårlegare bemanning enn Sverige og Danmark, og mykje fleire arbeidsoppgåver.
Målet til politidirektøren er 2,0 politiutdanna pr 1000 innbyggar innan 2020. No har ein 1,68, som faktisk er ein realnedgang frå 1,74 dei siste to åra. Politibemanninga går ned, og folkeveksten er på ca 80 000 på to år.
Norsk politi har store utfordringar, som også Dagbladet peikar på. Det er ein av grunnane til at Politiets Fellesforbund har utfordra politikarane for å få i stand ein "Politistudie" etter mal frå "Forsvarsstudiet". Det er behov for ein skikkeleg studie og analyse av kriminalitetsutfordringane nasjonalt og internasjonalt. Der ein kan sjå på bemanning, kompetanse, metodar, utviklinga ein ser i retning av meir privatisering av tryggleiken, og ikkje minst dei kriminelle strukturane som grip om seg på områder ein ikkje før har sett.
Når kriminaliteten kostar det norske samfunnet 100 kr milliard pr år, bør det vera verdt eit skikkeleg studie, så kanskje ein kan redusera samfunnskostnaden på sikt.
Kanskje det også er på tide å stilla spørsmål ved kva arbeidstilhøve som gjev det beste politiet for samfunnet og best rettstryggleik for alle. Yrkessjåførar har strenge reglar om kviletid, politiet kan køyra utrykking i farlege situasjonar etter å ha jobba 30 timar samanhengane, eller rykka ut med våpen. Dette må samfunnet og dei tilsette leva med inntil vidare, for det er for få politifolk til å dekka alle oppgåver.
Ein bør også stilla spørsmål ved kva som er gode måleparameter for eit velfungerande politi. Er det sakshandsamingstida og oppklaringsprosent som er det viktigaste, som no Dagbladet fokuserar på? Kanskje ein heller skulle ha meir fokus på godt førebyggjande arbeid, velfungerande problemorientert arbeid, kva som skal til for å få meir operativt politi og ikkje minst korleis ein skal verta betre til å ta bakmenn og ikkje dei "små fiskane", både når det gjeld narkotika, menneskehandel og ulike former for vinningskriminalitet – og då kan faktisk det sterke fokuset på sakshandsamingstid og oppklaringsprosent verka hemmande for å få eit godt politiprodukt.
Eg ser at Dagbladet vil ha ein ny Politireform, utan at ein seier eit ord om kva den skal innehalda. Men Dagbladet er bekymra for "mektige fagforeninger" og "topptungt Politidirektorat". Så reforma til Dagbladet er kanskje å avvikla fagforeiningane og legga ned Politidirektoratet! Mitt håp er at Dagbladet ser at "mektige fagforeiningar" er ein vesentleg del av utviklinga i det norske arbeidslivet, det gjeld også i politiet.
Min jobb er ikkje å forsvara Politidirektoratet, men å sei at det er eit topptungt eller stort direktorat er direkte feil, då bør Dagbladet ta ein samanlikning med ein del andre direktorat og andre etatsstyringssystem.
Kanskje Dagbladet kan vera samde med Politiets Fellesforbund om at det er behov for ein skikkeleg grundig "Politistudie" som er breitt samansett, så får ein trekka dei andre konklusjonane på bakgrunn av nye opplysningar.
Arne Johannessen
Forbundsleiar
emneord (tags):
bemanning, forebygging, leserinnlegg, metoder, oppklaringsprosent, politireformen, politistudie, saksbehandlingstid

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn