Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Lønns- og arbeidsvilkår // ATB // 2009

Kvifor vart det ingen avtale natt til onsdag 1.7?

For å starta med konklusjonen, arbeidsgjevaren vart for grådig i høve til unntak frå arbeidsmiljølova. Dei forlanga permanente unntak som var så store at ingen pengar kunne forsvara å sei ja til "tilbodet" frå staten. Dette var konklusjonen til LO, Unio, YS og Akademikarane.
Alle som har forhandla både privat og i jobb samanheng, veit at ein ikkje får det akkurat som ein vil. Det ligg i sakens natur at når 2 likeverdige partar møtest for å finna løysing på konfliktar, kan ingen part få alt som ein vil.

I lang tid har PF vore skulda for å driva lønsforhandlingar "utanom tur", dette har sjølvsagt vore rein feilinformasjon frå regjeringa og deler av media. PF har heile tida synt til at vår arbeidstidsavtale skulle opp til reforhandling. Unntaka frå kviletidsbestemmelsane, som arbeidsgjevar ville vidareføra, skulle evaluerast.

Alle unntaka frå arbeidsmiljølova har vore underlagt ein vurdering i ei arbeidsgruppe med representantar frå Politidirektoratet sin HMS-avdeling og den valgte vernetenesta.

I oppsumeringa skriv gruppa: "utvidede og endrede bestemmelser i forhold til dagens Arbeidstidsbestemmelser vil forsterke sannsynligheten for at uheldige forhold inntreffer, og dermed få konsekvenser for de ansattes helse, miljø og sikkerhet", vidare skriv gruppa: "lange arbeidsdager og redusert arbeidsfri perioder kan gi søvnunderskudd og dermed utgjør en sikkerheitsrisiko".

På denne bakgrunn er det alvorleg når POD i forhandlingane ville gå så langt som dei la opp til.

Når forhandlingane vart avslutta i POD fredag 26.6., var partane ikkje einige om noko, ikkje størrelsen på økonomien, ikkje profil eller unntaka frå arbeidsmiljølova. Forhandlingsfullmakta til Politidirektøren var nok for stram og detaljert. Det låg ca 275 mill i potten, men strenge føringar på bruken av pengane.

I løpet av helga var det ulike "sonderingar mellom ulike personar" for å sjå om det var grunnlag for å møtast igjen. Ulike krefter i det politiske miljø, LO, Unio og PF var involvert, og det vart starta samtalar som skulle avsluttast natt til onsdag 1.7.

Det var lagt meir pengar på bordet, og ein betre profil. Sjølvsagt er det mange medlemmar og tillitsvalte som meinar at økonomien framleis ikkje var god nok, men forbundsstyret var tydeleg på at det var totalt sett så mykje pengar at ein burde forsøka å få til ein avtale, men det var behov for meir spissing mot politioperativt personell.

I siste tilbodet låg det inne kompensasjon på kr 15000,- pr år for 1 t ekstra arbeid pr veke for 9000 tilsette, både politiutdanna og sivile. 6150 politioperative ville få kr 25000,- pr år for unntaka frå arbeidsmiljølova. 600 påtalejuristar og 400 andre sivile som arrestforvararar, grenskontrollørar og transportledsagarar ville fått kr 20 000,- pr år for unntaka frå arbeidsmiljølova.

Målet vårt var sjølvsagt endå betre utteljing på økonomi, men dersom ein kunne få ein avtale med akseptable unntak frå arbeidsmiljølova, var LO, Unio, YS og Akademikarane klar til å skriva avtale.

Kl 0200 natt til onsdag 1.7. hadde forhandlingsleiarane ein "plattform for avtale", men den vart ikkje akseptert frå "baktroppane til Personaldirektøren". Appetitten på unntak frå arbeidsmiljølova vart for stor frå Politidirektøren og Justisministaren. Det er verkeleg beklageleg at ein ikkje kunne få ein avtale, og det ansvaret må me legga på Politidirektøren og Justisministaren.

Det er alvorleg feilinformasjon når Justisministaren i Aftenposten 2.7. seier at: "Hvis Politiets Fellesforbund hadde fått gjennomslag for sine krav, ville det gått ut over tryggheten til folk. Kravene rundt hviletid for polititenestemenn og bakvaktordninger til politifolk på mindre steder ville skapt en uholdbar og lite fleksibel bemanningssituasjon. Det kunne vi ikke gå med på".

Kvifor seier han at det var PF som forhandla, når det var LO, Unio, YS og Akademikarane som sa nei til unntaka i arbeidsmiljølova, eg ser at ein del har eit stort behov for å legga ansvaret for alt som går galt på PF, men ein bør halda seg til fakta.

Fakta er at no når forskrifta er iverksett, står ein med langt dårlegare fleksibilitet/unntak frå arbeidsmiljølova, ingen avtale om meirarbeidstid og ingen avtale om reserveteneste i den arbeidsfrie perioden. Dette betyr langt mindre politikraft enn regjeringa hadde fått til med ein avtale med organisasjonane.

Det er alvorleg når dei som har ansvaret for eit velfungerande politi, ikkje nyttar den anledninga ein hadde til å skaffa samfunnet betydeleg meir politikraft.Organisasjonane tok eit større ansvar for å finna løysing enn motparten, det er det grunn til å merka seg.

No er konflikten uløyst, og vil vara inntil staten har ein underskriven avtale med organisasjonane. Forskrift løyser ingen ting.

PF vil som alltid vera løysingorientert og open for nye forhandlingar, men no planlegg me ut frå at konflikten vil leva inn i valkampen og må løysast etter valet. PF har dei siste dagane hatt fleire møter med alle topptillitsvalte, styret og alle lokallagsleiarane, strategien for vidare arbeid er lagt. Lokallagsleiarane vil fylgja opp arbeidet.

I ein stor organisasjon vil det alltid vera ulike synspunkt på mål, strategiar, verkemiddel og oppnådde resultat. Landsmøte og årsmøte vel sine tillitsvalte, som har ansvaret for å legga strategiar og vurdera resultata.  Sjølv om det er ulike meiningar om diverse spørsmål, må det alltid vera "høgt under taket", respekt for andre meiningar og respekt for at tillitsvalte tek avgjerder på vegne av fellesskapet - sånn er det i eit demokrati.

PF har aktivt jobba for løysing av situasjonen i lag med dei andre organisasjonane, og hatt mange gode innspel. Våre medlemmar ynskjer sjølvsagt ein slutt på den langvarige konflikten. Alle ynskjer å få meir fokus på å gjera ein god jobb og ikkje berre fokus på konflikt. Men dei fleste ser at kjernen i  denne saka handlar om betre polititeneste på sikt, kampen for betre bemanning, framtidsretta personalpolitikk, løns- og arbeidsvilkår dreiar seg om rekruttering til etaten  og kvaliteten på etaten sine tenester. Difor er denne saka så viktig for ALLE i etaten, uansett stilling, det er også grunnen til at PF, Politijuristane, NTL-politiet, Parat og Noregs Politilederlag i lag sa nei til avtaleutkastet frå Staten.

Eg vil nytta høve til å takka alle tillitsvalte i PF og samarbeidande organisasjonar for godt arbeid og ikkje minst medlemmane for god organisasjonsdisiplin.


God sommer til alle!

Beste helsing

Arne                                         

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE