Politikonflikten løyst, kva no?
Torsdag 9. juli skreiv partane under ny avtale om ny ATB i politiet, ein svært viktig avtale for heile etaten og samfunnet.
Dette var også sluttstreken for ein 10 mnd lang konflikt. Historias lengste og tøffaste arbeidskonflikt i politiet vart løyst, men betyr det at «alle problema i politiet er løyste».
Sjølvsagt ikkje, dei grunnleggjande årsakstilhøva for konflikten er uløyste. Svært dårleg politibemanning, som fører til at etaten må ha store unntak frå arbeidsmiljølova, lågt lønsnivå i høve til samfunnsrolla (ikkje eige risikotillegg) og stor avstand mellom oppgåver og ressursar.
Ein må forventa at alle politiske parti tek situasjonen i politiet på alvor, det manglar ikkje å dokumentasjon i Politi 2020 (og supplert med nye opplysningar) og i andre dokument.
I neste stortingsperiode må ein håpa på at justiskomiteen og den politiske leiinga i departementet endeleg set dei store og langsiktige utfordringane i politiet på dagsordenen. No har me høyrt i 3 år at «neste år vert det politiet sin tur», dette i høve til den sterke og nødvendige satsninga på kriminalomsorgen i denne perioden.
Opptaket til PHS må opp på ca. 700 pr. år, framleis satsing på nye sivile stillingar, 1 milliard til it-satsing, utvikling av nye måleparameter, ein framtidsretta løns- og personalpolitikk er litt av det som ventar politikarane i neste periode.
Tilspissa situasjonar
Den store konflikten i politiet har gjennomgåande vorte håndtert på ein klok måte av leiinga i politiet, mange har teke utfordringa utan å laga ytterlegare konflikter, men dessverre har me også hatt ein del tilspissa situasjonar.
No når konflikten er avslutta, er det svært viktig at både arbeidstakarar og leiinga tek sin del av ansvaret for å «normalisera situasjonen». Ein kan ha ulike meiningar om kva som er «normalsituasjonen» i politiet. Mange har i løpet av konflikten oppdaga at livet kan ha andre verdiar enn helgejobbing og masse overtid. For mange vil truleg «normalsituasjonen» i framtida vera større fokus på balansen mellom arbeidstid og fritid.
Det nyttar
Den beste investeringa ein kan gjera framover, er å syna publikum og politikarar at det nyttar å satsa på politiet, at den nye avtalen gjev gode resultat, det er grunnlaget for å få til nye resultat og avtalar i framtida.
Alle forventar sjølvsagt resultat når ein investerar i stillingar og pengar i ein ny avtale, då må alle i etaten ta ansvaret for å syna at dette har vore riktige og gode investeringar. Ein må forventa at gløden og innsatsen aukar i alle deler av organisasjonen når ein har fått avtale og ikkje diktat via forskrift.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn