Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2010 // Mars

Datalagringshøyring – spel for galleriet?

På lederplass i Dagbladet lørdag blir Frp kritisert for at de har varslet at de kan snu i saken om datalagringsdirektivet. Hva er vitsen med høringer hvis man ikke kan endre standpunkt underveis, spør Arne Johannessen, leder av Politiets Fellesforbund.
i
Han har skrevet et tilsvar som står på trykk i Dagbladet i dag. Du finner tilsvaret nedenfor.

Dagbladet er i ein mini-leiar laurdag 20. mars særs kritisk til Frp, som no har varsla at dei kan snu i saka om datalagringsdirektivet. Partiet har hittil sagt nei til å innføra direktivet i Noreg. No kan det sjå ut som det vil endra meining etter at politiet har vore ute og fortalt kva for effektar eit nei vil ha for kampen mot kriminaliteten. Dagbladet skriv at "Partiet har gjennom hele sin historie hoppet fra det ene standpunktet til det andre ".

Politiets Fellesforbund har reagert på den politiske prosessen i denne saka. Mange parti, også Frp, har vore heilt ope på at dei bestemte seg lenge før høyringsdokumenta vart sendt ut. Kva er då vitsen med ei høyring? Høyringar er eit god verktøy i demokratiske prosessar. Då kan dei som skal ta ei avgjerd, få innspel og fakta frå dei som sit med førstehandskjennskap om effektar og konsekvensar av dei ulike standpunkta.


Me er difor glad for at Frp er i stand til å ta inn over seg innspel frå politiet om konsekvensane av eit nei til datalagringsdirektivet. Dersom dei endrar standpunkt etter at konsekvensane har kome fram, er det vaksent gjort.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE