Justisministaren på ville vegar i narkotikapolitikken
Justisministar Knut Storberget har omfamna fleire av dei meir kontroversielle forslaga til ny narkotikapolitikk som Stoltenberg-utvalet presenterte nyleg.
Politiets Fellesforbund er svært negativ til den utviklinga Storberget legg opp til. Forslaget om statleg utdeling av heroin til dei tyngste brukarane, føyar seg inn i ei utvikling der ein i større og større grad aksepterar at dei vert bundne til rusen for resten av livet. Om nå heroin vert inkludert i lista med stoff narkomane kan få hos legen, går samfunnet endå eit steg vidare i denne retninga.
I staden treng me ein heilskapelig narkotikapolitikk med satsing på førebygging, rehabilitering og ettervern. Politiets Fellesforbund meinar politikarane må oppretthalda forbode mot narkotika. Forbodet må henga saman med straff, som er ein naturleg konsekvens når ein bryt lova. Ein bør i langt større grad enn i dag bruka tvungen behandling som straff.
Samstundes må politikarane i verdas rikaste land vera tøffe nok til realisera ein heilskapeleg politikk som gir eit omfattande, godt og rett dimensjonert behandlingstilbod som er tilpassa den einskilde narkomane og han/hennar situasjon. Storberget har sagt han vil ha ein ny ruspolitikk. Det vil han definitivt då få. Samstundes vil han senda dei rette signala til både ungdom og vaksne.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn