Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Kriminalpolitikk og ressurs // Overordnet politikk // 2010

Udemokratisk av Storberget

Justisministaren tar frå politiet store kunnskapar om utlendingsmiljøet når han nå flytter ansvaret for blant anna asylsøknader til UDI, skriv Arne Johannessen, leiar av Politiets Fellesforbund, i et leserinnlegg i VG i dag.
i
Du finner leserinnlegget nedenfor.

Storberget har bestemt at førstelinjetenesta i utlendingsforvaltninga, som omfattar opphalds- og arbeidsløyve samt statsborgarskap, skal overførast frå politiet til Utlendingsdirektoratet. No står det berre igjen at regjeringa sluttar seg til denne konklusjonen.

Utlendingsmiljøet 
Politiets Fellesforbund er heilt ueinig i at dette saksfeltet vert flytta til utlendingsforvaltninga. Medlemsbladet vårt Politiforum skriv i siste nummer at kollegaene våre i Sverige har vore utan desse oppgåvene i fleire år. No vurderar dei å overføra dei til politiet att og åtvarar samstundes oss mot å gjera den same feilen.

Handsaming av søknadar om asyl, opphalds- og arbeidsløyve, og søknadar om statsborgarskap er svært viktige inngangar og ikkje minst ein svært viktig kunnskapsbase når det gjeld utlendingsmiljøet. Svensk politi seier no at erfaringa er at ein mistar mykje kunnskap og informasjon som politiet treng i kampen mot organisert vinningskriminalitet, menneskjehandel og til å avsløra krigsforbrytarar som er i landet m.m.

På desse områda er det også behov for å styrka kommunikasjonen mellom utlendingsforvaltninga og politiet. I dei tilfella der utlendingssaker kan koplast til organisert kriminalitet, er det avgjørande at dei i politiet som skal etterforska straffesakene har høg kunnskap også om forvaltningssakene. Dette krev god kommunikasjon og samhandling, noe som er vesentleg enklare internt i ein etat enn når sakene handsamast av ulike etatar.

Telemark, Vestfold, Søndre Buskerud og Asker og Bærum politidistrikt har etablert eit distriktsovergripande samarbeid gjennom prosjektet «Grenseløs» for å kjempa mot mobil vinningskriminalitet. Utlendingsforvaltninga i distrikta er involvert og hjelper blant anna til med identifisering av utlendingane som vert tatt. Fleire av gjerningspersonane er kjende for saksbehandlarane i «førstelinja» etter til dømes søknad om opphalds- eller arbeidsløyve.

Dyrare løysing 
Politiet har i dag ca 400 stasjoner/kontor over heile landet der publikum kan få hjelp med til dømes opphalds- og arbeidsløyve. Utlendingsdirektoratet har ikkje eit slikt lokalt apparat. Det skal byggast opp, men det er planlagt berre 11 regionkontor over heile landet. Altså vert det ei omfattande sentralisering av desse oppgåvene. Det vil gi mykje dårlegare tilgjengelegheit og lang reiseveg for mange brukarar. Forslaget inneber blant anna at eit regionkontor i Drammen skal betena Søndre-Buskerud, Asker og Bærum, Nordre Buskerud og Vestfold politidistrikt.

For å kunne gjera ein god jobb, er politiet avhengig av kontakt med publikum. Politiet si forvaltningsfunksjon gir ein arena som fungerar som ein viktig brubyggjar mellom politi og samfunn. Slike arenaer er svært viktig i høve til innvandrarar, fordi mange av dei er skeptisk til politiet. Det er uheldig dersom politiet mistar ein arena der dei i dag byggjar og pleiar relasjonar, gir råd og rettleiing og samstundes driv kontroll basert på personleg kontakt og tillit. Innvandrarane i Stavanger har til dømes sagt at det er viktig å ha eit forhold til politiet som ikkje berre dreiar seg om kriminelle forhold og straff.

Politiets Fellesforbund kan heller ikkje sjå anna enn at flytting av oppgåver må verta ei dyrare løysing for samfunnet. Det kostar pengar å etablera eit nytt apparat i staden for å bruka det som allereie eksisterar.

Politiets Fellesforbund reagerar også på at det ikkje har vore noko open prosess om saka. Det er berre intern sakshandsaming mellom Justisdepartementet, Utlendingsdirektoratet og Politidirektoratet. Alle dokument og brev er unnateken offentlegheita. Fagforeiningane har ikkje vore involverte, sjølv om saka vedkjem mange tilsette i politiet. Men ikkje minst vedkjem den publikum som vil få ein kraftig sentralisering av eit tenestetilbod.

Me kan ikkje forstå at Stortinget vil akseptera at store og viktige endringar skjer utan at det er involvert. Det er på tide at stortingsrepresentantane set seg inn i kva som er i ferd med å skje.

Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE