Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2010 // August

Fritak for deltakelse i Hardanger-aksjon

Politiets Fellesforbund og forbundsleder Arne Johannessen har de siste dagene fått mye kritikk for forslag om å åpne for at politifolk kan søke fritak fra en eventuell Hardanger-aksjon.
Et leserinnlegg som nyanserer standpunktet finner du nedenfor.

Fritak for deltaking i Hardanger-aksjon

Politiets Fellesforbund og eg har fått så øyra flagra etter at eg i Dagsavisen fredag 30. juli ville opna for at politifolk kunne søkja om fritak frå å fjerna demonstrantar i ein mogeleg Hardanger-aksjon.

Eg er den fyrste til å innrømma at denne saka har kome skeivt ut.

Politiet er samfunnet sitt sivile maktapparat. Det er viktig for Politiets Fellesforbund å understreka at politirolla inneber at politiet handterar dei sakene som kjem ut frå lovleg fatta vedtak. Det skal dei gjera uavhengig av kva dei sjølv måtte meina om saka og kva for personleg overtyding dei har. Når ein har politiuniforma på, er ein eit nøytralt reiskap for myndigheitene.

Den nøytraliteten vert viktigare og viktigare ettersom politiet, som resten av samfunnet, vert stadig meir samansett. Ulike religionar, ulike livssyn og ulike kulturar kan gje grobotn for variert syn på kva for oppdrag ein tek og kva ein ikkje ynskjer å blanda seg inn i.

Nettopp difor er nøytraliteten og plikta til å ta alle oppdrag eit grunnleggjande prinsipp i politiyrket. Og nettopp difor er dette prinsippet eit gjennomgåande tema i den norske politiutdanninga.

Så kan det vera grunnar til at også politifolk skal ha mogelegheit til å søkja om fritak frå einskilde oppdrag. Men ut frå det som tidlegare er sagt, skal det vera heilt unntaksvis. Og det er verdt å understreka at det må vera arbeidsgjevar som har einerett på å si ja eller nei. Kan ein ikkje leva med eit nei, må ein finna seg eit anna yrke.

På ein arbeidsstad med god personalpolitikk, vil spørsmål om fritak verta løyst i dialog mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Slik vart det til dømes løyst i samband med Alta-aksjonen.

Politiyrket er uansett ikkje eit yrke som kan kombinerast med eigne ytringar i yrkesrolla og i arbeidstida. 

Arne Johannessen
forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE