Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2010 // September

Ikkje avlys narkotikakrigen

Kriminalisering av bruk og besittelse av narkotika har neppe noen viktig forebyggende betydning. Vi trenger en ny narkotikapolitikk, mener professorene Willy Pedersen og Helge Waal. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et tilsvar som står på trykk i Aftenposten i dag.
i

Du finner tilsvaret nedenfor.

Helge Waal og Willy Pedersen argumenterar sterkt i Aftenposten fredag 27. august for å avlysa krigen mot narkotika.

Politiets Fellesforbund tykkjer Waal og Pedersen har mange gode poeng i kronikken. Det er ikkje tvil om at det ville vore ein fordel om ein del av ressursbruken på narkotikafeltet gjekk frå justissektoren til sosial- og helsesektoren. Politikarane må løyva pengar slik at me kan få eit omfattande, godt og rett dimensjonert behandlingstilbod som er tilpassa den einskilde narkomane og han/hennar situasjon. Den dagen eit slik tilbod er på plass, vil justissektoren automatisk få ein meir tilbaketrekt rolle.

Og fyrst då vil politiet få si rette rolle i narkotikapolitikken: som ein viktig førebyggjande instans, som arbeider aktivt for å avdekka tilgang og hindra bruk, særleg blant ungdom. Og som ein effektivt jeger i jakta på dei store fiskane som drive narkotikahandel på tvers av landegrensene.

For Politiets Fellesforbund er ueinig med Waal og Pedersen i at å kriminalisera det å bruka og ha narkotika ikkje har nokon viktig førebyggjande betydning. Slik me ser det, er nettopp det at narkotika er forbode, ein viktig grunn til at mange ungdommar trass alt held seg unna. Og om dei prøvar, er det forbodet som gjer at politiet kan gripa inn med seriøse tiltak.

I det førebyggjande arbeidet er det viktig, som Waal og Pedersen skriv, at politiet samarbeidar med andre etatar: barnevern, sosialkontor, skular, dei kommunale rusmiddelkontora osv.

Barnevernet er heilt grunnleggjande i dette arbeidet. Barnevernet må få meir ressursar for det er dei som fyrst kjem i kontakt med barn som veks opp under forhold dei ikkje kan leva under.

Men forbodet mot narkotika må oppretthaldast. Det er rett som Waal og Pedersen skriv at «For mange straffeforfølges, for mange sitter fengslet, for mange dør av overdoser, for mange trygdes og faller ut av arbeidslivet.» Men slutninga til dei to er feil. Det er ikkje forbodet som er årsaka, men det at politikarane ikkje har løyvd nok pengar til eit heilskapeleg system med effektiv førebygging, rehabilitering og ettervern.


Arne Johannessen
forbundsleiar

Del på:

Tips en venn