Datalagring: godt politisk handverk
Å seia ja eller nei til datalagringsdirektivet inneber å gjera ei avveging mellom omsyna til personvernet og omsyna til samfunnet sitt behov for at politiet etterforskar kriminalitet, skriv Arne Johannessen, leiar i Politiets Fellesforbund, i eit lesarinnlegg i VG torsdag.
Du finner hele lesarinnlegget nedanfor.
VG har tysdag 29. mars ein leiar med eit imponerande klart blikk på EU sitt datalagringsdirektiv, både sjølve direktivet og prosessen fram til einigheit. VG påpeikar hovudpoenget: Å seia ja eller nei til datalagringsdirektivet inneber å gjera ei avveging mellom omsyna til personvernet og omsyna til samfunnet sitt behov for at politiet etterforskar kriminalitet.
Avveginga har Høgre og Arbeidarpartiet no gjort. Politiets Fellesforbund er einig med Vg at dei har gjort ei god vurdering. Dei har ikkje kjøpt skremselspropagandaen til dei som har meint at ei innføring av datalagringsdirektivet i Noreg er det same som å innføra ein politistat og eit overvakingssamfunn. Derimot har dei forstått politiet sitt behov for å ha tilgang til trafikkdata i etterforskinga av alvorleg kriminalitet, blant anna den grensekryssande kriminaliteten.
Mesteparten av dei dataene det er snakk om, vert lagra allereie i dag, men då fordi dei som tilbyr teletenestar treng å fakturera kundane i etterkant. No skal desse dataene lagrast for å tilfredsstilla samfunnet sitt behov for at politiet etterforskar kriminalitet. Politiet må gå til domstolane for å få løyve til å henta ut dei lagra opplysningane. Ein føresetnad for at politiet i det heile tatt kan krevja tilgang på informasjon, er at strafferamma for den aktuelle kriminelle handlinga er minimum fire år. Politiet vil uansett aldri få tilgang til innhaldet i ein telefonsamtale til dømes, berre kven som har vore i kontakt med kvarandre, kor og når. Dette er noko heilt anna enn når politiet driv overvaking i einskildsaker i form av telefonkontroll eller romkontroll: då får dei innsikt også i innhald.
Me er ganske sikre på at dei som no brukar ord som politistat og overvakingssamfunn, aldri har levd i slike samfunn. Eit klassisk døme på politistat er det tidlegare Aust-Tyskland, der det hemmelege politiet Stasi hadde agentar som rapporterte det meste som gjekk føre seg ute blant folk. Andre døme er Nord-Korea og Røde Khmer-styret i Kambodsja på 70-tallet. Dei som påstår me er på god veg i ei slik retning, har store hol i historiekunnskapen sin.
Høgre og Arbeidarpartiet skal ha ros både for å ha stått i stormen over så langt tid og for resultatet. Politiets Fellesforbund er samde med Vg i at Høgre har gjort eit godt politisk handverk i denne saka. Det Politiets Fellesforbund er skuffa over, er at lagringstida berre vart seks månader. For oss har dette vore ei prinsippsak. Enten lagrar ein, eller så lagrar ein ikkje. Når ein fyrst går inn for lagring, meinar me eitt år hadde vore betre. Det er berre ei årsak til dette: eitt halvt år vil ein del gonger vera for kort tid til at politiet får kjennskap til ei sak dei bør etterforska, eller rekk å sluttføra ei etterforsking dei held på med.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn