Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Kriminalpolitikk og ressurs

Arnes blogg

«Vårens vakraste eventyr» er i gang

Hovudtariffoppgjeret starta 12. april. Dette er sjølvsagt viktig for PF sine medlemmar. Men den 16. april starta forhandlingar som er endå viktigare, nemleg reforhandling av ATB-avtalen.


Løns- og arbeidsvilkår er hovudsak for PF, difor er både hovudtariffoppgjeret og ATB- forhandlingane svært viktige. Hovudtariffoppgjeret må sikra alle betre kjøpekraft. Me vil også prioritera avsetting av pengar til såkalla justeringsforhandlingar, der me kan prioritera spesielle grupper, og som vanleg er det viktig for PF å få sett av pottar til lokale forhandlingar.

 

I hovudtariffoppgjeret er PF ein del av Uniostat, og det er Unio som har forhandlingsretten. Eg er forhandlingsleiar for heile Unio stat.

 

I ATB-forhandlingane forhandlar PF direkte med POD. Men skal me som i dag avtala unntak frå Arbeidsmiljølova, må det opp til dei sentrale partar for godkjenning.

Det er eit stort tankekors at me er avhengige av store unntak frå Arbeidsmiljølova sin vernereglar, som nettopp er laga for å skjerma og verna alle arbeidstakarar. Det er eit politisk ansvar at me står i denne situasjonen. Men me som fagforeining har teke ansvar for manglande politisk handlekraft med å sikra betre bemanning og stor fleksibilitet i ATB i høve til Arbeidsmiljølova.

 

Er det sjølvsagt at me framleis skal ta dette ansvaret? Når me underskreiv ATB-avtalen i 2009 i etterkant av den langvarige politikonflikta, var det i underkant av 1,8 politi per 1000 innbyggarar. No er det i underkant av 1,5 per 1000.

 

Behovet for ekstra arbeidstid og store unntak frå Arbeidsmiljølova er endå større i dag enn i 2009. Men det er ikkje sjølvsagt at PF nok ein gong skal ta dette ansvaret. Det må ha sin pris i form av god økonomisk kompensasjon at ei heil yrkesgruppe ikkje kan få det vernet som Stortinget har vedteke at alle skal ha.


Bør Politiet sitt heiderskors avviklast?

Det har skapt sterke reaksjonar i politiet at Trond Berntsen, som vart drepen på Utøya, ikkje får tildelt politiet sitt heiderskors. Ein rein juridisk vurdering ut frå statuttane og reglane kan truleg gje eit sånt svar, men det er svært vanskeleg å forstå og akseptera ut frå Politiinstruksen sine reglar om plikt til å gripa inn. Handlingsplikta er klart forankra og juridisk vurdert.

 

Er det rett at ein politimann som vert drepen under eit beordra tenesteoppdrag får heiderskorset, medan ein som grip inn under handlingsplikta i politiinstruksen og vert drepe, ikkje får det? Skal regelverket tolkast på den måten, bør tida vera inne til å vurdera heile systemet med heiderskors.


Det er nok ulike meiningar om denne typen æresutmerkingar. Forsvaret har lange og stolte tradisjonar for dette, det har ikkje politiet. Truleg vil aldri politiet sitt heiderskors få den status det var tiltenkt. Det klarde Politidirektoratet å øydeleggja ved den første tildelinga i 2002.


Då fekk alle dei overtallige politimeistarane i politireforma først beskjed om at dei ikkje «fekk fornya tillit» til å verta politimeistar i dei nye utvida distrikta, men så vart dei heidra med heiderskorset.

Truleg er tida inne for å avvikla heile systemet med politiet sitt heiderskors.



Arne Johannessen
Forbundsleiar



Flere blogginnlegg:

  

LOGG INN PÅ MIN SIDE