Print logo
Du er her Forside // Media // Presserom // Leserinnlegg og kronikker // Leserinnlegg/kronikker 2011

Politi-Noreg treng ein god seniorpolitikk

Dag og Tid er i leiaren sin fredag 25. november svært kritisk til politiets særaldersgrenser, og meiner at langt fleire politifolk på ein politistasjon må ta vakter og delta i operative utetenester. Arne Johannessen, leiar av Politiets Fellesforbund, har skrive eit tilsvar som står på trykk i fredagens utgåve.

Arne Johannessen

Du finner heile tilsvaret nedanfor.

Noreg har i dag ei politidekning på 1,6 politifolk per 1 000 innbyggjar. Det er langt i frå det vedtekne politiske målet om at me skal ha 2 per 1 000 innan 2020. Til samanlikning har Sverige ei politidekning på 2,2 politifolk per 1 000 innbyggjar.

Her ligg mykje av forklaringa til ein stadig aukande grad av sentralisering og nedbygging av nærpolitiet. Det er stikk i strid med kva publikum og Politiets Fellesforbund ønskjer. Politiets Fellesforbund vil ha eit sterkt nærpoliti.

For Politiets Fellesforbund er det heilt ok at fleire tek del i vakt- og turnusordning der det er naturleg. Men på grunn av strenge krav til spesialisering, spisskompetanse og kontinuitet i etterforskingsarbeidet, er det vanskeleg og utfordrande dersom disse personane også skal delta i vakt- og beredskapsarbeid.

Stortinget har ved fleire høve drøfta behovet for særaldersgrenser. Kvar gong har dei komme fram til same konklusjon. På grunn av den spesielle yrkesrolla og som samfunnets maktapparat er det viktig at særaldersgrensene blir oppretthaldne. Alle argumenta som Stortinget har lagt til grunn, er i dag forsterka.

Kriminalitetsbildet har endra seg kraftig dei siste åra. Arbeidstilhøva for politiet er blitt tøffare. Kriminaliteten har blitt mykje meir kompleks, og vald og truslar mot polititenestemenn er stadig aukande. Skal samfunnet da påleggje personar over 60 år å vere samfunnets spydspiss?

Politiets Fellesforbund minner om at det er fleire yrker som har særaldersgrenser. Politiet er ein av mange. Det blir for enkelt og populistisk å berre angripe ein yrkesgruppe.

Dersom ein fjernar særaldersgrensene er det eit alvorlig angrep på rekrutteringa til politiet i distrikta. I mindre politidistrikt er det vanskeleg å få tilpassa arbeidssituasjonen med kontorarbeid. Slik bemanninga og strukturen er lagt opp, så må mange politifolk gå i ein vakt- og turnusordning heilt til dei går av med pensjonen.

Det er eit grunnleggjande prinsipp for Politiets Fellesforbund at politifolk som er slitne etter ei lang karriere i operativ teneste med handtering av skuggesidene i samfunnet kan velja å gå av. Det er samstundes like viktig for oss at dei som ynskjer å halda fram å jobba, får mogelegheit til det.

Politi-Noreg treng ein god seniorpolitikk og eit skifte i kultur. Det må verta slutt på at politifolk nesten har ei "plikt" til å gå av når dei vert 57 år. Politidistrikta er avhengig av kompetansen til medarbeidarane sine. Kvar vert det av det einskilde distrikt si verdsetting av den omfattande kompetansen erfarne politifolk har bygd opp over år? Me vil ha god seniorpolitikk som gjer at politifolk jobbar lenger, men kan og lova kamp for å sikra dei særaldersgrensene me har i dag.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn