Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Lønns- og arbeidsvilkår // Lønn og tariff // Lønn og tariff 2005

250 000 kroner og livet som innsats

Dette er tittelen på en kronikk i dagens VG. Kronikken er skrevet av Politiets Fellesforbund og forbundsleder Arne Johannessen. Den handler om NOKAS-saken og den risikoen som operative politifolk må håndtere i en slik situasjon. Risikoen er koblet mot lav lønn.
Hele kronikken:

Eg har sete på tilhøyrarbenken under NOKAS-saka i Stavanger. Det har gitt meg eit ypparleg høve til å minnast mi eiga tid som operativ politimann. Det har også gitt meg godt høve til å gjera eit tankeeksperiment, som eg også vil oppfordra deg til å gjera: Du er politi på vakt i Stavanger måndag morgon 5. april. Du er klar for ein normal dag med store og små utfordringar utan at du veit konkret kva dei vil bestå i. Klokka 08.00 går alarmen. Snart står du ansikt til ansikt med ranarar som har utstyrt seg til ein militær operasjon, med tunge handvåpen med stor rekkevidde, godt verneutstyr og kamuflert som for eit kommandoraid. Du møtar dette med ein revolver, delvis verneutstyr og delvis utan samband.

Situasjonen er uoversiktleg og hektisk. Du ser tungt væpna ransmenn, du har ansvaret for å trygga tilfeldige forbipasserande på Domkirkeplassen, du er usikker på situasjonen inne i Nokas-lokala og du veit at kollegaene dine kan vera i livsfare. Samstundes vert du sjølv skote på med tunge automat-våpen.

I ettertid har me alle via media i stor grad vore kjend med kva som eigentleg skjedde denne morgonen i påske-veka i fjor.

I samband med rettsaka vert alle dei vanskelege vurderingane dei involverte politifolka gjorde i ein operativ farleg situasjon analysert. Folk som aldri har vore på jobb med dødsangsten i kroppen vurderar dei avgjerda politifolka tok på Domkirkeplassen. Dei sit på eit kontor med kvilepuls på 60 og kjem til at dei tok gal avgjerd der ute med dødsangst, eit våpen retta mot seg og 170 i puls.

Det var fire politifolk på vakt i Stavanger den morgonen ranet skjedde. Alle blei sendt av garde til Domkirkeplassen. Politifolka hadde med seg revolverar i tillegg til det vanlege standardutstyret – batongar, handjern og kanskje peparspray. Men revolverar har liten effekt mot AG 43 automatgevær. Verneutstyret bestod av ein standard skotsikker vest av eldre type, som ikkje stoppar alle skot. Sambandet var for lett å avlytte.

Ranarane var til saman over dobbelt så mange som politiet. Dei var utstyrt som til eit militært kommandoraid når det gjeld våpen og anna utstyr. Også deira eige verneutstyr var av siste modell. Dei hadde det utstyret politiet ynskjer dei hadde råd til å kjøpa inn, men som det ikkje finst pengar til i mange politidistrikt.

Politiet var altså underlegne i denne situasjonen, både når det gjaldt tal personar, våpen, verneutstyr og samband.

Politiets Fellesforbund er bekymra for rekrutteringa til politiyrket. Når politifolk sjølve opplever at dei på alle måtar stiller langt bak dei kriminelle dei skal handtera, vert dei frustrerte. Til slutt vert det ei vurdering av om det er betre å finna seg ein annan jobb, når forventningane samfunnet legg på dei absolutt ikkje er i samsvar med løn, utstyr og ressursar til å gjera jobben.

Det som bekymrar Politiets Fellesforbund mest, er kven som vil inn i politiyrket i framtida med dei vilkåra samfunnet tilbyr. I Noreg har me vore opptekne av ei brei rekruttering til politiyrket. Me ynskjer at politistyrken skal reflektera samfunnet. Me ynskjer personar med ulik bakgrunn og med god vurderingsevne til å finna løysingar med bruk av minst mogeleg makt. Norske politifolk blir lært opp til at gode humanistiske verdiar, likeverd og rettferd skal liggja bak all behandling av publikum. Me ynskjer menneskje som "er i stand til å tenke annerledes når andres tanker har låst seg" som det står på nettsida til Politihøgskolen. Får me det med ei løn på 250 000 kroner og livet som innsats? Løna samsvarar dårleg med det samfunnet krev av politikorpset sitt.

Som leiar av Politiets Fellesforbund, er eg stolt av og glad for å vera tillitsvalt for dei som vart send ut for å handtera NOKAS-ranet. I fleire dagar har eg sete på tilhøyrarbenken i Stavanger og høyrt på forklaringane til dyktige politifolk som var midt i den farlege operative situasjonen. Ut frå det dei fortel, er eg ikkje i tvil om at dei handterte situasjonen særs profesjonelt. I ein ekstrem situasjon med fare for eige liv, tenkte dei først og fremst på publikum og andre kollegar.

Politifolka framstår og profesjonelt og dyktig i retten, sjølv om advokatane gjer jobben sin så god dei kan ved å prøva og svekka vurderingane deira, mistenkeleggjera handlingane deira og bagatellisera situasjonen med spørsmål som "var du i livsfare?", "var du redd?", "kven skaut først?" osv.

Det er interessant å lesa dei ulike media sine tilnærmingar og vurderingar av ranet og rettsaka. John Olav Egeland i Dagbladet skriv "Vi som aldri var i skuddlinjen, men bare sitter på tilhørerbenken, skal være forsiktige med å felle dommer over hvordan det ble vurdert og handlet i en akutt og livsfarlig situasjon som dramaet på Domkirkeplassen". Me synast det er kloke ord.

Eg har sjølv i politioppdrag vore trua med AG 3 gevær. Eg har sett inn i løpet samstundes som eg har forsøkt å halda hovudet kaldt og tenka gode løysingar. Med denne eigne opplevinga som ballast kan eg gjenta at eg er glad og stolt over å vera tillitsvalt for så dyktige politifolk som me har i Noreg, her representert ved dei operative i Stavanger. 4-5 som tilfeldigvis var på vakt, rykkar ut med for dårleg utstyr, alt for få kollegar med seg og ei løn som ligg langt under det ein gjennomsnittleg industriarbeidar får i månaden.

Den enorme jobben samfunnet forventar at politiet skal gjera er verdsett til ei årsløn på ca. 250 000-280 000 kroner. Det er det politiet får betalt - om nødvendig for å ofra livet. Ein advokat som skal få frikjend mange av dei som er tatt av politiet tenar ca ti gong så mykje – utan livet som innsats.

For Politiets Fellesforbund er det et paradoks at det er staten som betalar begge yrkesgruppene – sjølv om den eine er sjølvstendig nærnigsdrivande. Kva for verdiar ligg bak prioriteringane til staten?

Arne Johannessen
forbundsleiar

emneord (tags):


nokas, kronikker, lønn

LOGG INN PÅ MIN SIDE