Slepp fangane fri?
Kriminalomsorgens yrkesorganisasjon gikk for en stund siden ut og ville at fangene i fengslene skulle slippe ut etter halv soning, for å gi plass til nye fanger fra soningskøene. Politiets Fellesforbund mener at det er helt feil måte å angripe problemet på. Vårt tilsvar står som innlegg i VG fredag.
Hele innlegget kan du lese nedenfor.
Slepp fangane fri?
For litt tid sidan foreslo leiar Knut Are Svenkerud i Kriminalomsorgens Yrkesforbund at alle fangar i norske fengslar skulle sleppast fri etter å ha sitte inne halvparten av den tida dei opphavleg vart dømd til. Forslaget skulle løysa problema med at me i dag har lange køar utanfor fengselsportane. Yrkesforbundet ville ikkje sleppa fangane heilt ut i det fri, men til ein mellomstasjon med behandling og oppfølging i arbeid og fritid.
Politiets Fellesforbund synest dette er eit dårleg forslag. Problema med soningskøar, må løysast med fleire fengselsplassar og ikkje med at fangane slepp fri etter halv soning.
Det eigentlige problemet er mangel på pengar. Meir pengar ville gjort det mogeleg å skaffa fram fleire soningsplassar anten ved å byggja nye fengsel, byggja fleire celler i dei fengsla me har eller gjera om andre typar bygg til fengsel. At det ikkje er nok pengar, er politikarane sitt ansvar. Justisminister Knut Storberget har sagt at han skal skaffa fleire soningsplassar. Det håpar me han greier.
Det er fleire grunnar til at Politiets Fellesforbund meinar forslaget til Kriminalomsorgens Yrkesforbund er dårleg. For det fyrste er det urettferdig overfor dei som allereie har sona heile dommen sin i fengsel. Utan at det er nokon logisk og godt forståeleg grunn, skal nokon som har gjort det same lovbrotet og fått den same straffa, sleppa med halv tid i fengsel berre fordi dei kjem på rett side av ei tidsgrense.
For det andre har det vore mykje snakk om at ofra i kriminalsaker vert dårleg tatt vare på i det norske rettssystemet. Kva slags signal er det Kriminalomsorgens Yrkesforbund ynskjar å sende til denne gruppa med forslaget sitt? Offeret må leva med følgja av saka resten av livet, samstundes som forbrytaren slepp ut etter halv tid.
For det tredje meinar me at forslaget er med på å redusera folk sin tillit til rettssystemet. Når kriminelle skal sleppa ut av fengselet etter halv soning utan annan grunn enn at det ikkje er plass i fengselet, går dette mot folk si rettskjensle. Dei mistar trua på rettssystemet når slike reglar vert innført.
Politiets Fellesforbund ynskjar meir satsing på førebygging. Vellukka innsats overfor barn og unge som er i ferd med skli ut på skråplanet vil gjera behovet for fengselsceller mindre på sikt. Me vil og satsa på å vidareutvikla innhaldet i soninga. I dag manglar med og eit fungerande ettervern-system for å hjelpa folk tilbake til samfunnet etter at dei har sona ferdig.
Samstundes må me ha eit system for straff i samfunnet vårt. Politiets Fellesforbund er positive til ulike typar straff og alternative måtar og tenka straff på. Til dømes ser me at konfliktråd fungerar veldig bra i ein del tilfeller. Men kva straff som skal gis må vurderast ut i frå kvar sak og kva som vil fungera best for den einskilde fangen. Ikkje at det ikkje er plass i fengsel.
Dersom Politiets Fellesforbund skal ta Svenkerud sitt forslag på alvor kan me koma med fleire vidløftige forslag til løysing: Skal dommane halverast, kan det like godt gjerast ved at straffenivået settast ned allereie når dommen vert gitt. Riksadvokaten kjem ikkje til å applaudera denne løysinga. Han stod nylig fram i media og var særs godt fornøgd med at straffenivået i Noreg har gått oppover dei siste åra. Men samstundes er det vanskeleg å gjera alle til lags.
Eit anna mogeleg grep er at politikarane går gjennom straffelova med nytt og friskt blikk og gjer ein del av dei handlingane som i dag er forbodne, tillatne. Dette er kanskje eit betre forslag enn å halvera fengselsstraffane, fordi det vil gje mindre å gjera ikkje berre for fengsla, men og for politiet, påtalemyndigheita osv. Eit tiltak i same gata er å gjera narkotika til ei lovleg "vare" i samfunnet. Då vil me bli kvitt alle dei straffeboda som i dag er knytt til narkotika. Ingen kan takast for narkotikakriminalitet og båe politiet og fengsla får ein lettare kvardag.
For at det skal vera heilt klart: Politiets Fellesforbund trur ikkje på slike lettvinte løysingar som me sjølv har skissert ovanfor. Justisminister Knut Storberget skal ha ros for å ha gitt klare signal om mykje etter at han vart minister – også at han vil auka tal soningsplassar. Me opplev at justisministeren med det tenkar heilskapeleg og langsiktig og ikkje veljar halvvegs løysingar. Me er glad for at Storberget spelar på same lag som oss i denne saka. Så får det så vera at me kanskje skuffar ein del fangar som nå hadde håp om ein vår ute i det fri.
Arne Johannessen
forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)

Tips en venn