Ikkje utteljing for Akademiker-streik
Akademikerne fekk ikkje noko betre oppgjer enn dei andre organisasjonane i statleg sektor trass i to vekers streik. I kjennelsen til Rikslønnsnemnda fekk Akademikerne generelle tillegg frå 1. mai - same dato som dei andre organisasjonane.
Resultatet inneber ei lønnsramme på om lag fire prosent. Det generelle tillegget for Akademikerne vart etter kjennelsen liggande mellom 9 000 og 16 500 kroner avhengig av lønnstrinn.
Blåkopi
- Når eit så stort fleirtal hadde akseptert, så er det inga overrasking at Akademikerne får ein blåkopi av det LO, YS og Unio hadde akseptert, seier Anders Folkestad.
Akademikerne er ikkje misfornøgd med den økonomiske ramma, men med profilen på oppgjeret. Akademikerne ville ha radikale endringar i lønnssystemet i staten med stort sett berre lokale forhandlingar. Dette har både dei andre organisasjonane i statleg sektor og Rikslønnsnemnda avvist. Staten ville følge normal prosedyre ved at dei streikande ikkje skulle få lønnsauken sin før dagen då streiken vart avbroten, men Rikslønnsnemnda let Akademikerne få oppgjeret frå same dato som medlemmane i dei tre andre organisasjonane som deltok i oppgjeret.
Må sjølv ta ansvar
- Det er oppsiktsvekkjande at forhandlingsleiaren i Akademikerne Stat, Knut Aarbakke, i Dagens Nærinsliv skuldar dei andre organisasjonane for ureint trav i forhandlingane, seier forhandlingsleiaren i Unio-Stat, Arne Johannessen.
- Når Akademikarane gjekk ut i streik tok LO Stat, Unio Stat og YS Stat ansvar i lag med Riksmeklingsmannen og staten for å unngå storstreik. Det kan ikkje vera ureint trav å jobba for løysing og for å unngå streik, seier Johannessen.
- Eg finn det påfallande at Akademikerne omtalar det vi gjorde som ureint trav. Dei må sjølv ta ansvar for sine val i forhandlingsprosessen og ikkje indirekte anklage oss for at dei får null utteljing av streiken sin, sier Arne Johannessen.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn