Fleire verkemeddel - ja takk!
VG kritiserte på lederplass i forrige uke et utspill fra justisminister Knut Storberget, der justisministeren vil ha strengere alkoholpolitikk for å redusere kriminaliteten. Politiets Fellesforbund støtter Storbergets utspill, og valgte å si det gjennom et kort leserinnlegg i VG. Innlegget stod i avisen tirsdag.
Fleire verkemeddel - ja takk!
VG kritiserar i sin leiar onsdag 7. mars justisminister Knut Storberget fordi han i avisa Vårt Land har argumentert for ein meir restriktiv alkoholpolitikk. Han meinar mindre flyt av alkohol vil vera eit viktig tiltak for å redusera tal valdtekter i samfunnet.
VG sin leiarskribent gjer klart uttrykk for at ein ikkje kan venta noko meir av ein fråhaldsmann.
Politiets Fellesforbund er glad for at VG er med i debatten om kva for kriminalpolitikk me skal ha. Me sett pris på at avisa vil ha meir synleg politi i gatene, fleire oppklarte saker og raskare saksgang. Her er Politiets Fellesforbund heilt på linje med VG.
Me treng ei særs brei tilnærming i kampen mot kriminaliteten. Ei slik tilnærming inneheld mange ulike tiltak, til dømes: meir fokus på førebyggjande politiarbeid, fleire politifolk, fleire og betre metodar, betre utstyr, fleire fengselsplassar, meir innhald i soninga, alternative formar for soning.
Eit anna sentralt tiltak er, slik Storberget foreslår, ein restriktiv alkoholpolitikk. Politiet sine tal visar klart at alkohol er ein sentral ingrediens i særs mykje av den kriminaliteten som skjer i samfunnet, også når det gjeld valdtekt. I ein heilskapeleg kriminalpolitikk vil avgrensing i tilgongen på alkohol utan tvil vera eitt element som vil ha effekt.
Politiets Fellesforbund har stor sans for å kombinera billige tiltak og tiltak som kostar pengar. På sikt gir begge formane ein kriminalpolitikk som sparar kostnadar for samfunnet fordi dei hindrar kriminalitet.
Forbundsleiar Arne Johannessen
Politiets Fellesforbund

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)

Tips en venn