Leiarlønn: Dobbeltmoralens årlege gjengangar
Tal frå SSB fredag viser at leiarar i dei største aksjeselskapa med 250 tilsette og over, hadde ei gjennomsnittleg utbetalt lønn på nesten 1,7 millionar kroner. Dette er ei auke på 20,3 prosent frå 2005. Leiarane i aksjeselskap med meir enn 25 tilsette, hadde ei gjennomsnittleg lønn inklusive opsjonar og naturalytelsar på 791 000 kroner i 2006 - ein auke på 12,1 prosent frå 2005.
Himmelvidt unna
- Desse lønnstala er himmelvidt unna kvardagen til dei mange leiarane i offentleg sektor som dagleg står i krevjande situasjonar, og som skal svare på innbyggjarane sine krav og forventingar til kvalitetstenester. Mange av desse er velutddanna kvinner som i liten grad opplever verdsetting av utdanning, kompetanse og ansvar, seier Unio-leiaren.
Skjerpar apetitten
- Vi har blitt så vane med desse leiarlønningane at det ikkje fører til at lønnskrava elles skyt urimeleg i veret, men det er klart at dette er med på å skjerpe apetitten blant våre medlemmer på eit godt lønnoppgjer, sier Folkestad.
Ikkje vere gjerrige
- Sett i lys av at kampen om kompatensen no er så beintøff på den norske arbeidsmarknaden, er det viktig at arbeidsgjevarar i offentleg sektor ikkje er så gjerrige at dei taper kampen om kompetansen, seier Anders Folkestad.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn