Tendensiøs journalistikk
Den siste tida har Dagsavisen hatt ein artikkelserie som rettar hard kritikk mot Spesialeininga for politisaker. Lørdag kom Politiets Fellesforbund med eit tilsvar i Dagsavisen.
Les tilsvaret her:
Dagsavisen har dei siste dagane hatt ein serie med oppslag der dei er kritiske til Spesialeininga for politisaker. Kritikken kjem fyrst og fremst fordi Spesialeininga legg bort nesten alle saker dei etterforskar. Sjefen for Spesialeininga forklarar det med at dei ikkje finn at det har skjedd noko ulovleg.
Det trur ikkje Dagsavisen på. Avisa ser det slik at dersom Spesialeininga ikkje konkluderar med at det har skjedd noko straffbart, er det fordi dei har etterforska for dårleg eller fordi dei er lojale mot politifolka og difor skjular det gale som har skjedd. Det kan per definisjon rett og slett ikkje vera at det ikkje har vore noko å setta fingeren på, ut frå vinkelen til Dagsavisen sin journalist.
Trygve Hegnar snur om problemstillinga i sin leiar i Finansavisen 3. juli. Han peikar på at Spesialeininga er eit uavhengig etterforskingsorgan. Nettopp det at dei ikkje finn noko gale visar at me kan ha full tillit til politiet. Hegnar peikar på at det hadde vore fare på ferde dersom Spesialeininga i mange av sakene meinte det hadde vore gjort noko straffbart.
Politiet har særeigne oppåver i samfunnet. Dei skal oppretthalda ro og orden og skapa eit trygt samfunn for alle. Det inneber retten, og plikten, til å bruka makt. Den virkelege verda er langt frå Kardemomme by, der røvarane Kasper og Jesper og Jonatan eigentleg er snille og gjer som politimeister Bastian - og ikkje minst fru politimeister Bastian - seier.
I den verkelege verda er det ikkje alle som gjer som politiet seier. Av omsyn til dei uskuldige som har krav på vern frå samfunnet, må politiet gå inn med maktmidlar. Då er det alltid ein risiko for at det kan få tragiske følgjer. Dei gongene det går galt er det viktig med god etterforsking og analyse, slik at politiet kan læra mest mogeleg av hendinga.
Dagsavisen trekk fram at Spesialeininga har etterforska 16 dødsfall som har skjedd i samband med politiet si pågripingar. Talet er ei samanblanding av folk som døyr etter pågripingar, folk som døyr mens dei er i arrest og folk som døyr i samband med forfølging av bil. "Biljakter er ikke noe politiet skal holde på med", seier advokat Staff til Dagsavisa 30. juni. Hegnar har eit litt anna syn. Han skriv: "At noen kan dø ved villmannskjøring, som politiet, av hensyn til sikkerheten for øvrige trafikanter, forsøker å stoppe eller forhindre, burde ikkje overraske noen. Politiet må til tider utøve makt, og hva politiet gjør i slike sammenhenger må selvfølgelig vurderes ut frå situasjonen der og da. Det er slett ikke "nedslående" at politiet gjør jobben sin, og det er selvsagt at listen må ligge høyt for å oppnå straffereaksjoner mot polititjenestemenn i arbeid." Det er ein annan måte å sjå det på.
I Dagsavisen måndag 2. juli foreslår AUF at politifolk automatisk skal suspenderas til dømes ved dødsfall og mistanke om innblanding i sedelighetssaker. Politiets Fellesforbund er ueinig i forslaget. Politifolk i teneste skal ha same rettstryggleik som andre tilsette i staten. Derfor gjeld tenestemannslova og for dei. Lova seier at arbeidstakarar berre kan suspenderast dersom det er mistanke om at dei har gjort seg skuldig i atferd som kan føra til avskil etter tenestemannslova § 15 (blant anna grov uforstand i tenesta).
Politiets Fellesforbund meinar ikkje at politifolk aldri gjer noko gale. Det gjer dei, og det er viktig å ha eit etterforskingsorgan som kan følgja opp slike tilfeller. Men ein kan ikkje måla om etterforskingsorganet fungerar ut frå talet på tiltalar. Faktum er at politifolk som gjer straffbare handlingar under tenesteutføring vert tiltalt og straffa. Dei mistar og jobben.
Tilliten til Spesialeininga er eit for alvorleg tema til å verta "matematikk". Alle som kritiserar systemet i dag, set også spørsmål ved øvste påtalemakt i Noreg, med påstandar om at dei heller ikkje er uavhengig. Det vert for enkelt. Den kritikken ein no ser mot Spesialeininga var også mot tidlegare SEFO. Mykje av dei same aktørane nytta same argumenta då. Me fekk den uavhengige ordninga som kritikarane ba om. Kva må ein ha neste gong?
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn