Politiet må skjerpe styringa
Fleire medium har hatt nyheita om at politi-Noreg satt att med 250 millionar ubrukte kronar når året 2007 var slutt. Dette rimar ikkje med at politiet stadig prioriterar vekk saker fordi det ikkje har ressursar til å handtera dei.
Politimeistrane forklarar den kvarte ubrukte milliarden med at det er mange ledige stillingar i distrikta fordi det ikkje finns søkarar og fordi det er mange leveransar til politiet som er forsinka.
Politiets Fellesforbund er bland dei mange som har store problem med å akseptera at politidistrikta til saman sendar ein kvart milliard tilbake til Justisdepartementet når året er omme. Når etaten stadig klagar over oppgåver dei ikkje får gjort på grunn av for lite pengar, er dette eit underleg signal å senda. Det er faktisk heil meiningslaust at politiet planlegg og styrar så dårleg at slike situasjonar oppstår.
Dette er eit særs dårleg signal til publikum, det er forvirrande for politikarane og skuffande for medlemmane i Politiets Fellesforbund. Dei ynskjer å gjera ein best mogeleg jobb for publikum, men opplev at dei ikkje får mogelegheit fordi det ikkje er pengar.
Politiets Fellesforbund meinar det er nok av tiltak dei 250 millionane kunne vore brukt til, tiltak som ville gitt rask effekt. I Oslo kunne dei vore brukt til å få fleire arrestforvarar til å sitta vakt i tinghuset i samband med større rettssaker. I dag er det slik at på dei verste dagane er ein særs stor del av etterforskarane opptekne med vakthald i retten. Resultatet vert naturleg nok at saksbunkane på kontora deira aukar. Pengane kunne og vore brukt til kompetanseheving i etaten, til sårt trengte IT-investeringar eller til heilt naudsynte kjøp av nye bilar. Eller dei kunne vore brukt til å legga lista for å hjelpa publikum lågare enn i dag.
Politiets Fellesforbund meinar politiet må ta inn over seg at 250 ubrukte millionar vert heilt feil signal å senda på slutten av året når den vanlege bodskapen er at politiet ikkje har nok ressursar til å handtera alle sakene dei har ansvar for. Politidistrikta må ta læring av den dårlege planlegginga denne saka har vist at dei driv, og ta grep for ikkje å koma i same situasjon att.
Arne Johannessen
Politiets Fellesforbund

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn