Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2008 // April

Nei til gratis heroin – ja til behandling

Venstre foreslår at de narkomane i Oslo skal få gratis heroin. Politiets Fellesforbund er uenig og mener det heller må satses på forebygging, behandling og ettervern. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et leserinnlegg om saken i dagens utgave av Dagsavisen.
Nedenfor finner du leserinnlegget:

Dei siste dagane har diskusjonen om norsk narkotikapolitikk blussa opp att. Venstre har kome med framlegg om gratis heroin til dei narkomane i Oslo. Arbeidarparti-politikarane Jan Bøhler og Eva Kristin Hansen har gått i mot forslaget, helseminister Sylvia Brustad seiar og nei.

Samstundes gjennomførar politiet i Oslo ein aksjon mot den openlyse omsetjinga av narkotika ved Oslo sentralstasjon. Mange kallar dette ei "opprydding"  og spør om vitsen ettersom dei narkomane må vera ein stad dei og.

Politiets Fellesforbund er særs skuffa over at Venstre gjev opp kampen mot narkotika og at dei ikkje ser det eigentlege problemet: det vert satsa alt for lite i Noreg på førebygging, behandling og ettervern.

Eit liv der ein er avhengig av eit så øydeleggjande stoff som heroin, er ikkje noko godt liv. Me har hittil til gode å snakka med ein narkoman som ikkje ynskjer seg vekk frå eit liv i rus. Kvifor fortenar ikkje dei narkomane at me gjer mykje meir enn i dag for å gje dei eit "normalt" liv og ikkje berre hjelpar dei til å oppretthalde det miserable livet dei har?

Kommentator Hege Ulstein i Dagsavisen peikar på at det å vera avhengig av heroin er ein sjukdom og "sykdom kurerer man ikke med politiaksjoner. Den må behandles". Ved all anna form for sjukdom i samfunnet er det tilbod om behandling. Målet er alltid at den sjuke skal verta frisk att. Kvifor gjeld ikkje dette når det er snakk om sjukdommen rusavhengigheit?

Omsetjing av narkotika er forbode i Noreg. Når politiet i Oslo slår ned på sal og kjøp, er det fordi det er politiet sin jobb å handtera dei handlingane Stortinget har bestemt er kriminelle handlingar. For politiet sin del spelar det truleg lita rolle kor dei narkomane i byen oppheld seg. Men det spelar ei rolle kor dei kriminelle handlingane føregår.

Dei narkomane sine organisasjonar og dei pårørande er klare i si anbefaling: dei vil ha meir bruk av tvang tidlig og meir vekt på avrusing, behandling og ettervern. Politiets Fellesforbund støttar seg i stor grad på kva dei som har førstehands kjennskap til problemet måtte meina.

Behandling vil koste pengar, men det vil og gje resultat. Når skal politikarane ta det berømte grepet?


Arne Johannessen
Politiets Fellesforbund

 

 

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE